Sega Game Gear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sega Game Gear

Sega Game Gear er ein berbar spelekonsoll som vart laga av det japanske føretaket SEGA. Den var hovudsakleg konkurrent til Nintendo sin Game Boy men også Atari Lynx. Utviklinga av konsollen byrja i 1989 under kodenamnet Project Mercury og den vart sleppt i Japan i 1990, i USA i 1991 i Europa og Australia i 1992.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Prosessor: Zilog Z80 (8 bit)
  • Prosessorhastigheit: 3.58 MHz
  • Oppløysing: 160 x 144 pikslar
  • Antal tilgjengelege fargar: 4096
  • Antal fargar på skjermen: 32
  • Maksimalt antal sprites: 64
  • Spritestorleik: 8x8 eller 8x16
  • Skjermstorleik: 3.2 tum (81 mm)
  • Lyd: 4 kanals tonegenerator
  • RAM: 8 KiB

Funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå Nintendo sin svart/kvite Game Boy, hadde Game Gear fargebilete. Game Gear vart heldt horisontalt i handa, med LCD-skjermen mellom hendene, til skillnad frå Game Boy sitt vertikale design.

Game Gear var eigentleg ein portabel variant av Sega Master System men, hadde ein større fargepalett og kunne difor gje betre grafikk. Ein funksjon hjå Game Gear var ein TV Tuner Adapter som gjennom kassettuttaket gjorde det mogleg å sjå fjernsynLCD-skjermen.

Ettersom Game Gear og Sega Master System var så like kvarandre var det enkelt å konvertere spela til den portable spelemaskinan, noko som førde til at Game Gear fekk mange spel. Å konvertere Game Gear-spel til Master System var umogleg, grunna den utvida fargepaletten.


SEGA-konsollar
Sega Master System | Sega Megadrive | Sega Saturn | Sega Dreamcast

Handheldte: Sega Game Gear