Vinsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Porsche vinsj.

Vinsj er ein trommel som vert nytta til å dra inn eit ståltau, eller trosser, for å trekkja ei last. Vinsjar finst i mange ulike storleikar frå småvinsjar med sveiv til kraftige vinsjar med trekkraft på fleire hundre tusen Newton. Bruksområda er svært varierte og femnar om skogbruk, bilberging, kraner og så vidare.

Skogbruk[endre | endre wikiteksten]

Vinsj på stammelunnar.

I skogbruket vert vinsj nytta for lunning av tømmer, som oftast heiltømmer. Alt frå små eintromla vinsjar monterte på landbrukstraktorar til kraftige totromla vinsjar monterte på stammelunnarar er i bruk. Totromla traktormonterte vinsjar er óg vanlege. Vinsjane kan vera bak- eller frontmonterte, men i Noreg er bakmontering mest vanleg. Nokre lastetraktorar har frontmontert vinsj som vert nytta for å få tak i tømmer som ligg vanskeleg til.

Kabelkraner, som vert nytta for å henta ut tømmer i ulendt terreng, nyttar kraftige fleirtromla vinsjar. I Noreg har det ofte vorte nytta mindre kabelkraner, der vinsjen er ein kraftig totromla traktormonterte vinsj, medan det i Nord-Amerika har vore vanleg med store kabelkraner, som nyttar større vinsjar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste vinsjane som vart nytta innan skogbruk var utstyrte med eigne motorar. Motor og vinsj stod på meiar og vinsjen vart nytta for å flytta utstyret. Dei eldste vinsjane av denne typen var utstyrte med dampmaskinar, men så snart driftsikre motorar med intern forbrenning vart tilgjengelege tok desse over.

Anleggsmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Bulldosarar er av og til utstyrte med bakmontert vinsj, som vert nytta til vinsja inn til dømes grovt tømmer, til å trekkja laus seg sjølv eller andre anleggsmaskinar, eller til å flytta på andre tunge gjenstandar. Gravemaskinar nytta vinsjar heilt fram til 1960-talet, då hydraulikk tok over. Før det vart vanleg med hydraulikk vart det òg nytta vinsj for å heva bladet på bulldosarar, for å heva og senka bladet på skrapelastarar, osb.

Bilvinsjar[endre | endre wikiteksten]

Bruk av frontmontert bilvinsj til å trekkja eit køyretøy ut av eit gjørmehol.

Firehjulsdrivne terrengbilar er ofte utstyrte med ein eintromla vinsj. Denne vert nytta for å trekkja laus køyretøyet med om ein køyrer seg fast i terrenget eller som hjelp for å komma opp bratte bakkar. Bergingsbilar er òg utstyrte med vinsj, som vert nytta for å trekkja trekkja andre køyretøy inn på vegen og for å dra bilar opp på bergingsbilen.

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Fortøyningsvinsjar på ein båt.

Innan sjøfart vert vinsjar nytta til å trekkja skip på plass ved kaia under fortøying, ankervinsjar, for å trekkja inn nøter på notbåtar, for å løfta stykkgods under lasting og lossing. På seglbåtar vert det nytta vinsj for å heila og låra segl.