Seicercus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seicercus


Himalayasongar, Seicercus whistleriFoto: Mukesh Jain
Himalayasongar, Seicercus whistleri
Foto: Mukesh Jain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Phylloscopidae
Slekt: Seicercus
Artar
  • Sjå teksten

Seicercus er ei biologisk slekt av små insektetande fuglar klassifisert i familien Phylloscopidae, tidlegare i familien Sylviidae.[1] Slekta er distribuert i austlege og sørlege Asia frå nordlege Kina til Timor. Mange av dei meir nordlege artane er trekkfuglar, hekkar i temperert klima og overvintrar i tropane, andre er høgdmigrantar, trekkjer ned frå fjellet om vinteren. Nokre få artar er trekkfuglar i delar av utbreiingsområdet og standfuglar i andre delar.[2]

Seicercus-songarar er små sporvefuglar som varierer i lengd frå 9,5 til 12 centimeter og dei veg rundt 4-9 gram.[2] Alle artar har grøne venger og gul buk, dei fleste har gult bryst òg. Hovudet er enten grått, grønt eller brunt til brungult, og alle artar har striper på krona eller i andletet, og dessutan ein gul eller kvit augering. Kjønna er like kvarandre.

Seicercus-songarar lever av insekt som dei vanlegvis plukkar opp eller fangar med korte, kjappe flygingar.[2] Nokre få arter søkjer føde i fleirartsflokkar. Ulike artar beitar i ulike delar av skogen, nokre, som brunkronesongar finn føda i trekroner, medan sundasongar føretrekkjer underskog og lågare delar av trekroner.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Artar i slekta Seicercus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]

  • Gulbrillesongar, Seicercus burkii, Golden-spectacled Warbler, LC, E. Burton, 1836
  • Gråkronesongar, Seicercus tephrocephalus, Gray-crowned Warbler, LC, Anderson, 1871
  • Systersongar, Seicercus soror, Plain-tailed Warbler, LC, Alström & Olsson, 1999
  • Sitronsongar, Seicercus omeiensis, Martens's Warbler, LC, Martens, Eck, Päckert & Sun, 1999
  • Himalayasongar, Seicercus whistleri, Whistler's Warbler, LC, Ticehurst, 1925
  • Mosesongar, Seicercus valentini, Bianchi's Warbler, LC, E. Hartert, 1907
  • Kvitbrillesongar, Seicercus affinis, White-spectacled Warbler, LC, Hodgson, 1854
  • Gråkinnsongar, Seicercus poliogenys, Gray-cheeked Warbler, LC, Blyth, 1847
  • Brunkronesongar, Seicercus castaniceps, Chestnut-crowned Warbler, LC, Hodgson, 1845
  • Brunhovudsongar, Seicercus montis, Yellow-breasted Warbler, LC, Sharpe, 1887
  • Sundasongar, Seicercus grammiceps, Sunda Warbler, LC, Strickland, 1849

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alström, Per; Ericson, Per G.P.; Olsson, Urban & Sundberg, Per (2006) Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015
  2. 2,0 2,1 2,2 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. (editors). (2006). Handbook of the Birds of the World. Volume 11: Old World Flycatchers to Old World Warblers. Lynx Edicions. P.p. 675-679 ISBN 84-96553-06-X.
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)