Sense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om distriktet. For elva, sjå Sense-elva.
Sense (Sensebezirk)
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Fribourg
Hovudstad Tafers
Areal 265,3 km²
Folketal 41 113 (2010)
Kommunar 19
Karte Bezirk Sense 2007.png

Sense (tysk, på fransk Singine) er eitt av sju distrikt i kantonen Fribourg i Sveits. Distriktet har eit areal på 265,3 km² og hadde 41 113 innbyggarar i 2010. Sense ligg heilt aust i kantonen og har ei lang austgrense mot kantonen Bern. Distriktet har namn etter elva Sense som for ein lengre del er grenseelv mot kantonen Bern. Hovudstad er Tafers, ein kommune som ligg ganske sentralt i distriktet.

Sense omfattar 19 kommunar. Düdingen og Wünnewil-Flamatt er dei to kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Alterswil, Bösingen, Brünisried, Giffers, Heitenried, Oberschrot, Plaffeien, Plasselb, Rechthalten, Schmitten, St. Antoni, St. Silvester, St. Ursen, Tentlingen, Ueberstorf og Zumholz.

Tysk er offisielt språk i distriktet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]