Septuaginta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Septuaginta
Ἡ μετάφρασις τῶν Ἑβδομήκοντα

SpråkJewish Koine Greek
Sjangerbibelomsetjing

Septuaginta er ei før-kristen omsetting av Det gamle testamentet og nokre nærskylde skrifter til gresk. Ho blir først nemnd i brev frå Aristeas. Brevet er falskt, men vart skrive omkring 200 fvt. I brevet blir det fortalt at 72 lærde jødar, seks frå kvar av dei tolv israelske stammane, stod bak omsettinga. Frå dette kjem namnet septuaginta, som er gresk for 70. I teologisk litteratur blir tittelen ofte korta ned til romertalet LXX.

Samlinga inneheld 46 gammaltestamentlege bøker, det vil si dei 39 bøkene i den jødiske kanon (i jødisk tradisjon blir desse delt opp i berre 24 bøker) samt dei deuterokanoniske skriftene. Dei sistnemnte, som det er sju av, utgjer ein del av den katolske og den ortodokse Bibelen. I motsetnad til ein del moderne bibelutgåver der dei deuterokanoniske bøkene er tatt med, er desse ikkje plassert i ein egen del, men er sett mellom dei andre bøkene i en forsøksvis kronologisk/tematisk orden. I tillegg til desse kjem fire skrifter og ein salme som berre er rekna som kanoniske i nokre einskilde kyrkjesamfunn. Septuaginta er den offisielle versjon av Det gamle testamentet i Den ortodokse kyrkja, sjølv om nokre av bøkene ikkje blir rekna som kanoniske.

Den jødiske kanonen[endre | endre wikiteksten]

Dei deuterokanoniske bøkene[endre | endre wikiteksten]

Tillegg[endre | endre wikiteksten]