Judits bok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illuminert manuskriptside med illustrasjon av Judit og hovudet til Holofernes.

Judits bok er eit gammaltestamentleg apokryft skrift også kalla ei deuterokanonisk bok. Desse skriftene er inkludert i den ortodokse og katolske bibelen og i dei septuagintiske skriftene, men ikkje i den protestantiske eller jødiske bibelen. Judits bok fortel om hendingar som skal ha skjedd tidleg i historia til Israel.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Eit kunstnarisk uttrykk for hendingane i Judits bok av Lovis Corinth.

I Judits bok blir det fortalt at Assyria gjekk til åtak på israelittane under ein hærførar kalla Holofernes. Ei enke som heitte Judit gjorde likevel inntrykk på hærføraren og han heldt eit stort gjestebod for ho. Då han i berusa tilstand har fått ho med seg inn på eit rom, drep ho han med hans eiga sverd. Åtaket til assyrarane blir dermed stoppa.

Judits bok i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga frå Judits bok har inspirert ei rekkje kunstverk innan tekst, musikk og biletkunst.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Kombinasjonen av sensualitet og vald innanfor ein bibelsk kontekst har appellert til mange kunstnarar og kunstkjøparar gjennom tidene, på samme måte som forteljinga om Johannes døyparen og Salome.

Donatello laga ein skulptur av Judit og Holofernes rundt 1455. Andre renessansekunstnarar som skildra paret var Botticelli, Giorgione, Titian og Paolo Veronese. Dei er også avbilda i Det sixtinske kapellet dekorert av Michelangelo. Lucas Cranach den eldre er ein av fleire tyske renessansekunstnarar som avbilda Judit. Av barokkmålarar som har brukt motivet kan nemnast Caravaggio, Leonello Spada, Bartolomeo Manfredi, Rembrandt, Peter Paul Rubens og Eglon van der Neer. Artemisia Gentileschi avbilda seg sjølv i rolla som Judit. I nyare tid har både Jean Charles Cazin, Franz von Stuck og Gustav Klimt brukt motivet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Den angelsaksiske Nowellkodeksen inneheld, saman med mellom anna Beowulfdiktet, eit dikt om Judit. Under den italienske renessansen valde Lucrezia Tornabuoni Judit som ein av fem figurar frå bibelhistoria ho skildra i dikt.[1] Den norske barokkdiktaren Petter Dass gjenfortalde soga i ei av sine Trende Bibelske Bøger udi Riim. På 1500-talet blei hendingane i boka omtalt av franske diktarar som Guillaume Du Bartas, Gabrielle de Coignard og Anne de Marquets. På 1800-talet skreiv den russisk-jødiske dramatikaren Abraham Goldfaden eit drama over historia.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Motetten Spem in alium (1570) av Thomas Tallis for åtte kor brukar tekst frå Judits bok. Soga har inspirert oratorium av komponistar som Vivaldi, Mozart, Scarlatti, Hubert Parry og Francisco António de Almeida. Alessandro Scarlatti skreiv oratoriet La Giuditta i 1693, Antonio Vivaldi skreiv Juditha triumphans i 1716 medan Wolfgang Amadeus Mozart skreiv La Betulia Liberata (KV 118) i 1771. Eit nyare oratorium blei skrive av Arthur Honegger i 1925. Det er også skrive operetter og operaer om emnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Judits bok

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robin, Larsen and Levin. s. 368.