Sgurr Alasdair
| Sgurr Alasdair | ||
|---|---|---|
| Høgd over havet | 993 moh. | |
| Ligg i/på | ( |
|
| Fjellkjede | Black Cuillin | |
| Primærfaktor | 992 m | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Førsteklatring | Alexander Nicolson, 1873 | |
| Lettaste rute | Småklatring | |
Sgurr Alasdair er det høgste fjellet i fjellkjeda Black Cuillin og det høgste fjellet på Isle of Skye i Skottland. På same måten som resten av fjellkjeda, er det bygt opp av gabbro, ein bergart som eignar seg svært godt til fjellklatring.
Som med andre fjell i Cuillin-fjellkjeda, må ein tole høgder og å bruke hendene for å kome seg til toppen. Den minst krevjande ruta følgjer the Great Stone Shoot («det store steinspranget») – ei steinrøys som går oppover frå dalbotnen Coire Lagan og møter hovudryggen under toppen. Ein må så småklatre litt den siste biten, før ein kjem til den skarpaste toppen i Cuillin.
Andre ruter krev gode ferdigheiter innanfor småklatring eller klatring med tau. Toppen av Sgurr Alasdair kan verte nådd ved å ta ein kort omveg frå hovudryggen for klatrarar som vil utnytte heile potensialet sitt på Cuillin-fjellkjeda, eller dei som følgjer steinrøysa opp frå Coire Lagan.