Gabbro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gabbro
Gabbro.jpg
Gabbro
Kjenneteikn
Gruppe magmatisk
Hovudmineral plagioklas, pyroksen,
jarn, amfibol, olivin
Identifikasjon
Bruksområde bygningsstein
Tettleik 2,85
Grå lyngengabbro frå ein steinmur ved ferjekaia på Lyngseidet.

Gabbro er ein magmatisk bergart, ein djupbergart, også kalla intrusiv storkingsbergart, danna av høgt trykk og høg temperatur. Steinen er sett saman av jarn, plagioklas, mørk pyroksen, amfibol og olivin. Gabbro er ein basisk bergart.

Gabbro vert og kalla «svart granitt» somme tider, men dette er eit geologisk ukorrekt namn. Den mørke fargen kjem av eit stort innhald av jarn saman med det mørke pyroksenet. Gabbro er kvit og svartspetta, og ofte med noko brunt eller grønt. Steinen er massiv og ganske grovt korna. Nokre gongar har gabbro ei lagdeling, gjerne med koronastruktur.

Gabbro kan vere svakt metamorf, da har berget tydelegare lyse og mørke band, eller meir grøne fargar. Dette kjem av at plagioklasen endrar seg til klinozoisitt, albitt og kalsitt. Klinopyroksen endrar seg til kloritt.

Gabbro vert brukt til bygningsstein, golv, trapper, fasadar og liknande. Sjeldnare som gravstein.

Gabbro er vanleg mange stadar i Noreg, men finst sjeldan i store førekomstar. Fleire stader har det vore, eller er, verksemd med steinbrot.

Anorthositt[endre | endre wikiteksten]

Er ein variant av gabbro. Det er ein plagioklas bergart, danna frå ein gabbrosmelte, i ein eigenarta danningsprossess. Ved Egersund har det vore steinbrot på denne bergarten. Steinen kan nokre gongar ha labradorisering, som er ei lysbryting i bergarten. Denne lysbrytinga oppstår i lommer av to typar plagioklas. Desse samansmelta lamellane er små og først synlege i elektronmikroskop.

Peridotitt[endre | endre wikiteksten]

Denne varianten av gabbro er svært rik på olivin og pyroksen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!