Sharmila Tagore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sharmila Tagore

Fødd8. desember 1944 (79 år)
FødestadHyderabad
Aktive år1959–
Verka somfilmskodespelar, skodespelar
MorIra Barua
FarGitindranath Tagore
EktefelleMansoor Ali Khan Pataudi
BornSaif Ali Khan, Soha Ali Khan, Princess Saba Ali Khan of Bhopal
PrisarPadma Bhushan, National Film Award for Best Actress, National Film Award for Best Supporting Actress, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, IIFA Lifetime Achievement Award

Sharmila Tagore (også kjent som Begum Ayesha Sultana;[1] fødd 8. desember 1944) er ein indisk skodespelar som er kjend for virket sitt innan hindispråleg og bengalsk film. Tagore er rekna som ein av dei mest gåverike skodespelarane i den indiske filmindustrien, og har vunne to National Film-prisar, ein Filmfare-pris og Filmfare Lifetime Achievement Award for bidraga sine til indisk film. I 2013 fekk ho den høgaste sivile æra i India, Padma Bhushan, for bidraget sitt til den indiske kulturen gjennom utøvande kunst.[2]

Tagore var fødd i den kjende Tagore-familien, ein av dei fremste familiane i Calcutta og ein av dei viktigaste innverknadane under den bengaiske renessansen. Tagore debuterte som skodespelar 14 år gammal i Satyajit Ray sin anerkjende episke dramafilm The World of Apu (1959). Ho samarbeidde med Ray i mange andre filmar, som Devi (1960), Nayak (1966), Aranyer Din Ratri (1970) og Seemabaddha (1971); og blei dermed ein av dei mest framståande figurane i den bengalske filmindustrien.

Karrieren til Tagore voks endå meir då ho byrja spela i hindifilmar, fyrst med Shakti Samanta sin romanse Kashmir Ki Kali (1964). Ho etablerte seg som ein av dei fremste skodespelarane innan hindifilmverda med filmar som Waqt (1965), Anupama (1966), An Evening in Paris (1967), Aamne Saamne (1967), Satyakam (1969), Aradhana (1969), Safar (1970), Amar Prem (1972), Daag (1973), Avishkaar (1974), Chupke Chupke (1975), Mausam (1975), og Namkeen (1982). Ho vann Filmfare-prisen for beste kvinnelege skodespelar for Aradhana og National Film Award for beste kvinnelege skodespelar for Mausam. Dei neste tiåra hadde ho spreidde roller, mellom anna i Mira Nair sin engelskspråklege Mississippi Masala (1991) og Goutam Ghose som Abar Aranye (2002), som ho vann National Film Award for beste kvinnelege skodespelar for, og i hindifilmene Aashik Awara (1993), Mann (1999), Viruddh (2005), Eklavya: The Royal Guard (2007) og Break Ke Baad (2010). Etter eit avbrekk på 13 år kom ho tilbake til filmen med dramaet Gulmohar i 2023.

I tillegg til skodespel har Tagore òg vore formann for Central Board of Film Certification frå oktober 2004 til mars 2011. I desember 2005 blei ho utnemnd til UNICEF Goodwill Ambassador.[3] Ho var gift med cricketspelaren og nawaben av Pataudi, Mansoor Ali Khan Pataudi, som ho fekk tre barn med: Skodespelarane Saif og Soha, og smykkedesignaren Saba.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sharmila changed her name to Ayesha Sultana to marry Mansoor Ali Khan Patuadi». The Times of India. TNN. 25. februar 2015. Arkivert frå originalen 28. februar 2023. Henta 8. mars 2023. 
  2. «Sharmila Tagore, India's emblem at Cannes». The Times of India. Arkivert frå originalen 19. juli 2018. Henta 17 December 2021. 
  3. «Sharmila Tagore, for UNICEF». Arkivert frå originalen 1. februar 2009. Henta 3. september 2006. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sharmila Tagore