Shelley Winters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shelley Winters
Shelley Winters in Tennessee Champ trailer.jpg
Shelley Winters i Tennessee Champ frå 1954
Fødd 18. august 1920, St. Louis, Missouri, USA
Død 14. januar 2006 (85 år), Beverly Hills, California, USA
Aktive år 1943–2006
Yrke Skodespelarinne
Ektefelle Paul Meyer (1942-1948)
Vittorio Gassman (1952-1954) 1 dotter
Anthony Franciosa (1957-1960)
Gerry DeFord (2006)

Shelley Winters (fødd Shirley Schrift18. august 192014. januar 2006) var ei prisvinnande amerikansk skodespelarinne.

Shelley voks opp i Brooklyn i New York City. Ho hadde rollar i skodespel teaterskolen sette opp, medan ho arbeidde i butikk og som fotomodell for å kunne betale teaterstudiene. Ho debuterte på Broadway i 1941, og spelte i den første filmen sin, What a Woman!, i 1943. Det store gjennombrotet kom med rolla som ei gravid fabrikkarbeidarske i filmen En plass i solen i 1951.

1970-talet hadde Winters mange suksessar på Broadway.

På slutten av 1980-talet kom memoara til Winters ut. I denne boka skriv ho at ho har hatt kjærleiksaffærer med alle store Hollywoodstjerner, frå Burt Lancaster og Errol Flynn til Marlon Brando.

Winters var open, livleg, temperamentsfull og politisk aktiv. Ho har vunne Oscar to gonger, ved sida av at ho vart nominert for beste kvinnelege birolla for rolla i Poseidon-katastrofen. Vann i 1973 ein Golden Globe for rolla si i katastrofefilmen S.O.S. Poseidon.

Oscar og nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1951 - Nominert for pris for beste skodespelarinne (hovudrolle) som Alice Tripp i A Place in the Sun
  • 1959 - Oscar for beste skodespelarinne (birolle) som fru Petronella Van Daan i Anne Franks dagbok
  • 1965 - Oscar for beste skodespelarinne (birolle) som Rose-Ann D'Arcy i Et streif av blått (A Patch of Blue)
  • 1972 - Nominert for beste skuespillerinne (birolle) som Belle Rosa i The Poseidon Adventure

Shelley Winters si stjerne på Hollywood Walk of Fame er plassert ved 1750 Vine Street.

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Cover Girl (1944)
  • The Great Gatsby (1949)
  • A Place in the Sun (1951)
  • Saskatchewan (1954)
  • I Am a Camera (1955)
  • The Night of the Hunter (1955)
  • Anne Franks dagbok (1959; Oscar)
  • Lolita (1962)
  • A Patch of Blue (1965; Oscar)
  • The Three Sisters (Mal:Aar)
  • Harper (1966)
  • Bloody Mama (1970)
  • S.O.S. Poseidon (1972)
  • Blume in Love (1973)
  • Blekksprut (1977)
  • The Magician of Lublin (1979)
  • Elvis - The Movie (1979)
  • Over the Brooklyn Bridge (1983)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]