Signal-til-støy-tilhøve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Signal-til-støytilhøve (på engelsk ofte forkorta SNR, Signal-to-Noise ratio) er eit uttrykk om det relative tilhøvet mellom støy og signal til dømes frå ei antenne inn til ein forsterkar. For at ein skal kunne kjenne igjen eit signal er det viktig at det ikkje forsvinn i bakgrunnsstøy. Til dømes må ein på ein konsert rope høgt til kvarandre for å snakke saman på grunn av at samtala vert overdøyva av musikken.

Uttrykket vert mykje nytta i radiokommunikasjon og informasjonsteori.

Matematisk oppstilling:


\mathrm{SNR} = {P_\text{signal} \over P_\text{støy}}

Sidan mange signal har verdiar over eit stort dynamisk område, uttrykkjer ein ofte signal-støytilhøve i ein logaritmisk skala kalla desibel:


\text{SNR (dB)} = 10 \log_{10} \left ( {P_\text{signal} \over P_\text{støy}} \right ) = 20 \log_{10} \left ( {A_\text{signal} \over A_\text{støy}} \right )

der P er gjennomsnittleg effekt og A er RMS-amplitudeverdi. Både signal- og støyeffekt må målast innanfor bandbreidda til systemet.

Signal-støytilhøve er den avgrensande faktoren når ein skal dimensjonere eit analogt system. I digitale system svarar dynamikkområde til SNR i analoge system.

Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.