Simen Østensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simen Østensen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1984 (39 år)
Bærum kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 2007

Simen Håkon Østensen (fødd 4. august 1984) er ein norsk langrennsløpar som vart nordgsmeister på 50 km i 2010. Hans beste internasjonale resultat er tredjeplassen i ski-turneringa Tour de Ski 2006/07. Østensen er medlem av Fossum IF.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Østensen debuterte i verdscupen med å bryte femmila i Holmenkollen i 2005. Han fekk sitt gjennombrot under Tour de Ski 2006/07, der han leia samanlagt etter dei to første av i alt seks renn. Han enda til slutt på tredjeplass, hans fremste individuelle prestasjon i verdscupen. 17. februar 2008 gjekk han inn til verdscupsiger i lagsprint i tsjekkiske Liberec, saman med Martin Sundby. Østensen gjekk sisteetappen og slo finske Ville Nousiainen i spurten med fire tidels sekund.

Østensen tok sølv på sprinten under noregsmeisterskapen i Granåsen i Trondheim i februar 2008 og gull på 50 km under NM på ski 2010 i Tolga, ei tevling som gjekk i klassisk stil. Tre år seinare på Løten fekk han sølvmedaljen på NM-femmila, utan sjanse til å hamle opp med vinnaren Martin Sundby.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]