Sinj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sinj
Sinj is located in Kroatia
Sinj (Kroatia)

Sinj er ein by i Split-Dalmatia fylke i Kroatia. Sjølve byen har kring 11 000 innbyggjarar, medan heile kommunen med dei omliggande landsbyane har kring 25 000 innbyggjarar.

Sinj er senteret for eit område kalla Cetinska krajina, ei gruppe busetjingar på den frodige karstsletta (Sinjsko polje) som elva Cetina renn over. Sinj ligg mellom fire fjell: Svilaja, Dinara, Kamešnica og Visoka. Fjella gjev Sinj eit særeige submiddelhavklima med varmare somrar og kaldare vintrar.

Byen voks opp kring ei gammal festning heldt av osmanarane frå 1500-talet til slutten av 1600-talet, og eit fransiskanarkloster med kyrkja Vår frue av Sinj (kroatisk Gospa Sinjska), ein pilegrimsstad.

Jubileet for den siste sigeren over den osmanske armeen i 1715 vert feira årleg i starten av august med Sinjska alka, ein ryttarkonkurranse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sinj

Koordinatar: 43°42′N 16°38′E