Sivilisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein sivilisasjon er eit samfunn eller ei kulturgruppe til vanleg definert som kompleks, med jordbruk og byar. Samanlikna med andre kulturar er medlemer i ein sivilisasjon til vanleg organisert med høg grad av arbeidsdeling og ein intrikat sosial struktur, ofte hierarkisk oppbygd.

Sivilisasjon blir ofte bruka som synonym for den breiare termen kultur både av vanlege folk og i akademia. Alle menneske deltek i ein kultur, som kan definerast som kunsten, skikkane, vanane, truene, verdiane, åtferda og dei materielle vanane som utgjer eit folk sin levemåte.

Men i den mest bruka definisjonen er sivilisasjon ein deskriptiv term for ein relativt kompleks jordbruks- og bykultur. Sivilisasjonar kan da skiljast frå andre kulturar ved sin høge grad av sosial kompleksitet og organisasjon, og ved sine mangfaldige økonomiske og kulturelle aktivitetar.

I ein eldre men framleis mykje bruka forstand, kan termen brukast normativt: I samfunnsmessige samanhengar der komplekse og urbane kulturar blir sedde som overlegne meir primitive og barbariske kulturar, blir konseptet sivilisasjon synonymt med kulturell og ofte etisk overlegenheit. På liknande måte kan sivilisasjon da bety forfina tankar, manérar eller smak.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. Civilization, som lesen 27. juni 2009.