Skalden Skurres historier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skalden Skurres historier, (originaltittel: The Tales of Beedle the Bard) er ei bok skrive av suksessforfattaren J.K. Rowling. Boka vart skrive som eit supplement til serien om trollmannen Harry Potter, og skal førestille ei vanleg barnebok med nattahistoriar for små hekser og trollmenn. I den sjuende og siste boka om Harry Potter, er Skalden Skurres historier viktige for å løyse den store gåta om korleis hovudpersonane kan knekke den onde trollmannen Voldemort. I den trykte utgåva er det kommentarer og notater frå Albus Humlesnurr sjølv, i tillegg til eit forord frå forfattaren.

Boka kom ut både i Storbritannia og Noreg i 2008, og det økonomiske overskotet går til The Children's High Level Group (CHLG), som arbeider for å gjere livet betre for utsatte born og unge over heile Europa.