Skarvatnet

Koordinatar: 62°41′43″N 09°32′58″E / 62.69528°N 9.54944°E / 62.69528; 9.54944
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skarvatnet
innsjø
Skarvatnet i haustdrakt

Foto: Sigmund Rise
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Oppdal
Høgd over havet 869 moh.
Areal 2,3752 km²
Kystlengd1 7,9 km
Koordinatar 62°41′43″N 09°32′58″E / 62.69528°N 9.54944°E / 62.69528; 9.54944
Kart
Skarvatnet
62°41′38″N 9°32′57″E / 62.69401°N 9.54916°E / 62.69401; 9.54916
Wikimedia Commons: Skarvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Skarvatnet er eit lite fjellvatn som ligg i Skardalen i Oppdal. Vatnet ligg 14.5 km nordvest for Oppdal sentrum, på grensa mot Trollheimen. Innsjøen er krinsa av fjella Kvamman, Kvamsfjellet, Tjønnpiken, Nonshøa og Storgruvpiken. Dørremselva har sitt utspring i sørenden og renn, etter drygt 10 km elvelaup, samman med Driva.

Området er ein idyll om sommaren med god høve til å bade. Om vinteren er Skarvatnet eit glimrande utgangspunkt for heile det preparerte løypenettet i Oppdal,[1] samt at det er gode høve til isfiske og andre aktivitetar.

Skarvatnet er med i prosjektet «MILJØLÆRE.NO,ET VERKTØY FOR BÆREKRAFTIG UTVIKLING»[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skarvatnet». Skisporet.no. Henta 10. november 2018. 
  2. «Skarvatnet». Miljølære.no. Henta 10. november 2018.