Trollheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trollheimen
Trollheimen om vinteren sett frå aust. Dalen som skjer i landskapet er Gjevilvassdalen og fjellet som er gryteforma til venstre i biletet heiter Okla. Foto av Hogne.
Trollheimen om vinteren sett frå aust. Dalen som skjer i landskapet er Gjevilvassdalen og fjellet som er gryteforma til venstre i biletet heiter Okla. Foto av Hogne.
Høgd over havet Trolla (1850 moh.)
Ligg i/på Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag
Koordinatar 62°51′N 09°05′EKoordinatar: 62°51′N 09°05′E

Trollheimen er eit fjellområde på grensa mellom Nordmøre i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. I vest er fjella av alpin karakter, mens dei i aust er rolegare. Området er avgrensa av Surnadal og Rindal i nord, Orkdal og Dovrebanen i aust, Sunndal i sør og fjordane i vest.

Trollheimen ligg i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Oversiktskart kan finnast [1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom millionar av år har isbrear forma fjellområdet. Breane har laga u-dalar i aust og elvar og stryk har laga v-dalar i vest. Trollheimen var sannsynlegvis det området i landet som først smelta etter istida, og funn som er opptil 9 000 år gamle tyder på at det har budd menneske i området sidan steinalderen. Fangst har vore matveg i alle tider, også no, særleg fugl, rein og elg. No er området viktig for norsk friluftsliv og idrett som fjellklatring.

Namnet Trollheimen vart først føreslått av Håkon Løken, og vart gitt til området av Trondheim Turistforeining i 1880-åra.

Arkeologiske funn[endre | endre wikiteksten]

I Trollheimen finst mange spor av steingjerde frå steinalderen. Desse har vore nytta for å fanga inn reinsdyr og jaga dei utfor stup der reinsdyr vart drepne. Gjerda er svært gamle og nokon av dei ber spor av å ha vore der sidan den siste istida trekte seg attende. Dette er ein indikasjon på at desse jegerane var mellom dei første menneska som kom til Noreg etter istida. Sidan 1997 har det vore mange unormalt lange og varme somrar i området noko som har ført til at isbrear har smelta og avdekt mange prehistoriske funn som t.d. pilespissar. Nokre er meir enn 4 000 år gamle, mens majoriteten er frå 1 000 til 2 000 år gamle. Om vintrane drog desse jegerane truleg til kysten (Sunndalsfjord, Surnadalsfjord, Todalen) for å unngå dei harde vêrtilhøva i fjella. Dei som går nære isbrear om sommaraen og hausten er oppmuntra til å halda utkikk etter prehistoriske funn.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Gjevillvatnet i Trollheimen.

Trollheimen dannar eit klimaskilje mellom landsdelane og har fleire freda område:

  • Noregs første landskapsvernområde Innerdalen (1967),
  • Trollheimen landskapsvernområde i Rindal, Surnadal, Sunndal, Oppdal, Rennebu og Meldal (1 165 km², 1987),
  • Svartåmoen naturreservat i Surnadal og Rindal (12 650 dekar, 1987; utvida 1999),
  • Minilldalsmyrane naturreservat i Oppdal og Rennebu (1878 dekar flatmyr, 1990).

Området er kjend for ein spanande fjellflora og her veks mellom anna den sjeldne planten norsk malurt. [2]

Mellom dei høgste fjella er Trolla (1850 moh.), Såtbakkollen (1840 moh.), Dronninga (1816 moh.), Kongen (1806 moh.), Blåhø (1672), Snota (1668) og Trollhetta (1614).

Djupe, tronge dalar skjer gjennom landskapet. Dei mest kjende er Innerdalen, Todalen og Gjevilvassdalen.

I snitt går skoggrensa på vel 1000 meter her, men på grunn av mildare klima dei siste åra, ser ein no at skoggrensa kryp oppover fjellsidene, år for år. Det er også noko mindre beiting i området no. Det er i dag berre 10 % av arealet i Trollheimen som er under skoggrensa.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Det er særleg jordbruk, turisme og vasskraft som vert drive i Trollheimen.

Innerdalstårnet

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Trollheimen tilbyr godt beite og samla tal på smale er mellom 10 og 12 000 dyr. Det vert drive reindrift her med ein stamme på om lag 2 500 rein. I tillegg er det mindre mengder storfe. Det finst ikkje villrein i Trollheimen lenger.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Det er mykje turisme i området og her er fleire hytter i turistnettet til Den Norske Turistforeining. Hyttene som vert drive av Trondheims turistforeining er Trollhytta, Gjevilvasshytta og Jøldalshytta. Turistforeininga kallar turen mellom desse hyttene for Trekanten. Kristiansund og Nordmøre Turistforeining driv den sjølvbetjente hytta Vollasetra.

Dalane i Trollheimen ligg på om lag 500 til 700 moh. medan fjellmassiva ligg frå 1000 til 1850 m.o.h slik at høgdeskilnaden er stor på turane. Gåturane vert ikkje karakterisert som særs krevjande, men klatreulykker skjer og fjellet har i enkelte tilfelle kravd liv. Mellom anna har fleire omkomme i Trolla-massivet [3][4].

I vinterhalvåret er det køyrd opp fine skiløyper kringom i området. [5] Særleg i påskeveka er det mykje folk i dei. Det står om lag 1500 hytter kringom i Trollheimen. Flest hytter er det rundt Skarvatnet og Gjevilvassdalen i Oppdal, Resdalen i Meldal og på Nerskogen i Rennebu. Det er auka interesse for å nytta Trollheimen i reiselivsnæringa.

Vasskraft[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1960 og 1980 vart mykje av vasskrafta i Trollheimen er bygd ut. 75 % av vasskraftpotensialet i Trollheimen er no bygd ut og over halvparten av vassoverflata er regulert. Dette gjev ein midlare årsproduksjon på nesten 1 800 GWh (frå om lag 380 MW installasjon).

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Kårvatn har Norsk institutt for luftforskning hatt ein målestasjon sidan 1978. Målingane syner at dette er eit av dei områda i Nord-Europa med minst ureining. Slik har Kårvatn vorte ein viktig referansestasjon.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Spegelsalen i Trollheimen opna seg enkelte år. (Foto: Richard Strimbeck)

Spegelsalen og Blåsalen[endre | endre wikiteksten]

Om lag 5 timars gåtur nord for Gjevilvasshytta låg det fram til 2007 eit par isgrotter kalla Spegelsalen og Blåsalen. Isgrottene var danna av at det gjekk ei elv gjennom fonna som ligg mellom Svarttjønnin og Blåhøtjønna Det var berre i enkelte år at desse isgrottene opna seg og då kunne ein med ei god lykt gå opptil 300 meter inn under isbreen.

Spegelsalen har vorte kalla ein Iskatedral og var eit særs spanande syn med mange fargespel, lange og vaksne istappar og stort rom. [6] Det vart arrangert turar hit og det har vore arrangert kunstutstilling [5] inne i Spegelsalen. Det er likevel risiko forbunde med å vere inne i ein isbre.

På grunn av klimaskiftet krympar isbreane, og i november 2007 kollapsa taket over isgrottene og dei er no borte. [7]

Spegelsalen baud på katedralstemning med mange fargespel. (Foto: Richard Strimbeck)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]