Skeise-VM 1976 i sprint-firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen 1976 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla i Vest-Berlin i dåverande Vest-Tyskland laurdag 6. og sundag 7. mars. Meisterskapen var den sjuande i sprint-firkamp. 43 utøvarar, 25 karar og 18 kvinner, deltok i meisterskapen. Sovjetunionen og andre austeuropeiske statar boikotta meisterskapen då han fann stad i Vest-Berlin.

Sheila Young frå USA vart verdsmeister for tredje gong, etter å ha vunne alle fire løpa. Johan Granath frå Sverige vart verdsmeister utan å vinne eit einaste løp. Dan Immerfall frå USA var bestemann på dei to 500-meterane, Hans van Helden frå Nederland det same på 1000-meterane.

Verdsmeisterskapen 1976 i skeise-sprint/Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Johan Granath  Sverige 160,845
Sølv Dan Immerfall  USA 161,200
Bronse Peter Mueller  USA 161,235
4 Hans van Helden  Nederland 161,655
5 Kai Arne Engelstad  Noreg 161.715
6 Jørn Didriksen  Noreg 162,245
7 Per Bjørang  Noreg 162,450
8 Horst Freese  Vest-Tyskland 163,100
9 Gaétan Boucher  Canada 163,415
10 Jan Egil Storholt  Noreg 164,525
11 Bernt Jansson  Sverige 165,010
12 Mats Wallberg  Sverige 165,145
13 Hans Lichtenstern  Vest-Tyskland 165,555
14 Pertti Niittylä  Finland 165,840
15 Masaki Suzuki  Japan 166,590

Dato: 6./7. mars

Verdsmeisterskapen 1976 i skeise-sprint/Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sheila Young  USA 173,950
Sølv Leah Poulos  USA 175,900
Bronse Sylvia Burka  Canada 177,305
4 Paula Halonen  Finland 179,845
5 Nancy Swider  USA 180,635
6 Kim Kostron  USA 180,675
7 Ann-Sofie Järnström  Sverige 181,680
8 Makiko Nagaya  Japan 181,750
9 Haitske Pijlman  Nederland 181,785
10 Lisbeth Berg  Noreg 182,235

Dato: 6./7. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]