Skeise-VM 1987 i sprint-firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen 1987 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 31 januar og sundag 1. februar i Sainte-Foy i Canada. Meisterskapen var den 18. i sprint-firkamp. 64 utøvarar, 34 karar og 30 kvinner, deltok i meisterskapen.

Karin Enke frå Aust-Tyskland sigra på dei to 1000-meterløpa og vart verdsmeister i sprint for sjette gong. Landskvinna Christa Rothenburger vann den fyrste 500-meteren, Bonnie Blair frå USA den andre. Akira Kuroiwa frå Japan vart verdsmeister for andre gong. Sergej Fokitsjev frå Sovjetunionen var bestemann på begge 500-meterane, medan Nick Thometz frå USA var sterkast på den laurdagens 1000-meter, Yukihiro Mitani på sundagens 1000-meter.

Verdsmeisterskapen 1987 i skeise-sprint/Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Akira Kuroiwa  Japan 154,955
Sølv Nick Thometz  USA 155,160
Bronse Yukihiro Mitani  Japan 155,465
4 Uwe-Jens Mey  Aust-Tyskland 156,705
5 Sergej Fokitsjev  Sovjetunionen 156,900
6 Geert Kuiper  Nederland 157,125
7 Andrej Bakhvalov  Sovjetunionen 157,235
8 Igor Zjelesovskij  Sovjetunionen 157,490
9 Erik Henriksen  USA 157,575
10 Uwe Streb  Aust-Tyskland 157,845
11 Makoto Hirose  Japan 158,010
12 Dan Jansen  USA 158,070
13 Frode Rønning  Noreg 158,225
14 Yasumitsu Kanehama  Japan 158,360
15 Gaétan Boucher  Canada 158,920

Dato: 31. januar/1. februar

Verdsmeisterskapen 1987 i skeise-sprint/Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Karin Enke  Aust-Tyskland 166,685
Sølv Bonnie Blair  USA 167,810
Bronse Christa Rothenburger  Aust-Tyskland 168,940
4 Andrea Mitscherlich  Aust-Tyskland 170,680
5 Seiko Hashimoto  Japan 171,730
6 Monika Pflug  Vest-Tyskland 172,895
7 Kathryn Class  USA 172,980
8 Tatjana Kabutova  Sovjetunionen 173,055
9 Irina Fatejeva  Sovjetunionen 173,315
10 Yvonne van Gennip  Nederland 173,735
11 Wang Xiuli  Kina 173,740
12 Erwina Ryś-Ferens  Polen 173,910
13 Edel Therese Høiseth  Noreg 174,240
14 Irina Kovrova  Sovjetunionen 174,310
15 Angela Stahnke  Aust-Tyskland 174,745

Dato: 31. januar/1. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]