Skeise-VM 2020 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2020 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar helga månadsskiftet februar/mars. 24 menn og like mange kvinner frå 14 ulike land deltok i meisterskapen. Det var sjuande gongen Vikingskipet var arena for ein verdsmeisterskap i firkamp.

Nederlendaren Patrick Roest forsvarte meistertittelen, han var også bestemann på dei tre lengste distansane. På 500 meter gjekk Seitaro Ichinohe frå Japan fortast av alle. Ireen Wüst frå Nederland vart verdsmeister for sjuande gong, ho vann også 1500-meteren. Tsjekkiske Martina Sáblíková stod nok ein gong for bestetidene på dei to lengste distansane, medan Karolina Bosiek frå Polen vart nummer 1 på 500 meter.

Dei fire norske deltakarane vart nummer 2 Sverre Lunde Pedersen, 11 Hallgeir Engebråten, 12 Håvard Bøkko og 22 Sofie Karoline Haugen.

Skeise-VM 2020[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Patrick Roest  Nederland 147,880
Sølv Sverre Lunde Pedersen  Noreg 149,277
Bronse Seitaro Ichinohe  Japan 149,310
4 Jan Blokhuijsen  Nederland 149,875
5 Sergej Trofimov  Russland 150,144
6 Shane Williamson  Japan 151,711
7 Ted-Jan Bloemen  Canada 151,955
8 Jordan Belchos  Canada 152,069
9 Riku Tsuchiya  Japan 110,889

Dato: 28. februar og 1. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ireen Wüst  Nederland 159,524
Sølv Ivanie Blondin  Canada 160,462
Bronse Antoinette de Jong  Nederland 160,631
4 Martina Sáblíková  Tsjekkia 160,639
5 Melissa Wijfje  Nederland 160,711
6 Jevgenija Dmitrijeva  Russland 160,809
7 Francesca Lollobrigida  Italia 162,263
8 Nana Takagi  Japan 162,630
9 Ayano Satō  Japan 118,779

Dato: 28. februar og 1. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]