Skeise-VM 2022 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2022 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar laurdag 5. og sundag 6. mars. 20 menn og 14 kvinner frå 18 ulike land deltok i meisterskapen. Det var åttande gongen Vikingskipet var arena for ein verdsmeisterskap i firkamp.

Svenske Nils van der Poel vart verdmeister etter å ha vore suverent best både 5 000 meter og på mila. Denis Morozov frå Kasakhstan var bestemann på 500 meter, medan Bart Swings som representerte Belgia sigra på 1500 meter.

Irene Schouten frå Nederland vart verdsmeister i kvinneklassa, ho vann også 3 000-meterløpet. Japanske Miho Takagi skreid inn til triumf på dei kortaste distansane, medan tsjekkiske Martina Sáblíková atter ein gong fekk bestetid på 5 000-meteren.

Dei fire norske deltakarane vart nummer 4 Peder Kongshaug og Ragne Wiklund, 5 Sander Eitrem, 14 Sofie Karoline Haugen og 18 Kristian Ulekleiv.

Skeise-VM 2022[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Nils van der Poel  Sverige 148,696
Sølv Patrick Roest  Nederland 149,836
Bronse Bart Swings  Belgia 150,218
4 Peder Kongshaug  Noreg 151,098
5 Sander Eitrem  Noreg 151,328
6 Riku Tsuchiya  Japan 151,959
7 Davide Ghiotto  Italia 152,420
8 Ethan Cepuran  USA 153,199
9 Emery Lehman  USA 111,224

Dato: 5.–6. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Irene Schouten  Nederland 158,974
Sølv Miho Takagi  Japan 159,305
Bronse Antoinette de Jong  Nederland 159,798
4 Ragne Wiklund  Noreg 159,858
5 Martina Sáblíková  Tsjekkia 161,118
6 Merel Conijn  Nederland 161,473
7 Nana Takagi  Japan 162,032
8 Ayano Satō  Japan 163,222
9 Nadezjda Morozova  Kasakhstan 119,836

Dato: 5.–6. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]