Skiforeninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seglet til foreninga frå Kikutstua i Nordmarka
Foto: C. Hill

Foreningen til Ski-Idrettens Fremme, til vanleg kalla Skiforeninga eller Skiforeningen, er ein av dei største og eldste friluftsorganisasjonane i Noreg. Ved stiftinga i 1883 var hovudintensjonen å arbeide for «utbredelse av skiidrett og annet friluftsliv, samt å arrangere Holmenkollrenn».

Eit aktivt ansvar for tilrettelegging, bruk og vern av Oslomarka, er sentralt i foreiningas drift. I tillegg har foreininga fått andre og viktige oppgåver, og spesielt er arrangementet av Holmenkollrenna sterkt utvida sidan starten. I Holmenkollen er det no òg sommararrangement. Foreininga eig og driv Skimuseet og har forvaltaransvaret for Noregs mest besøkte turistmål, Holmenkollanlegget.

Skiforeninga har rundt 60 000 medlemmar (2011). Leiar er Ole Fr. Anker-Rasch (2011).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved stiftinga i 1883 var skiløping ein relativ ny konkurranseidrett, og målet til foreininga var å spreie bodskapen om bruk av ski til meir enn eit praktisk transportmiddel, drive opplæring av teknikkar og å vere sentral i å skape ein arena for samankomst i venleg kappestrid.

Utover 1890-talet heldt foreininga møte for turløparar i marka og på fjellet. Det var behov for råd om utstyr, klede og smurning. Skigåing var på denne tida blitt trendy. Skiturar på fjellet vart populært og etterspurnaden etter overnattingsstader auka. Skiforeninga opna einskilte hytter i Jotunheimen til jul og påske rundt førre hundreårsskiftet. Den norske Turistforening opna si første hytte i 1907.

Stover og hytter[endre | endre wikiteksten]

I 1926 vart Kikutstua bygd på Kikut i Nordmarka, ein serverings- og overnattingsstad eigd av Skiforeninga og drive av eit styrarpar. Skiforeninga eig eller driv ei rekke stover.

Holmenkollmedaljen[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1895 har Skiforeninga delt ut Holmenkollmedaljen, som er rekna som den høgste utmerkinga innan norsk skisport.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!