Skjene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjene med merking som viser at ho er laga i 1979 av Maxhütte i standardprofilen S54 og i standard kvalitet

Skjener er tradisjonelt stålprofilar lagt parvis som køyreveg. Samla blir dei to skjenene, med underlag kalla skjenegang eller berre spor. Skjener blir nytta av transportmiddel som jarnbane og sporvogn, men dei kan òg vera underlag t.d. for kraner i hamner. I nyare tid er det konstruert skjenegang med ei skjene, det finst òg skjenegang med tre eller fire skjener.

Dei fyrste jarnskjenene[endre | endre wikiteksten]

Skjeneprofil frå Coalbrookdale med langsgåande tresville, 1767

Dei fyrste jarnskjene for skjenegåande transport var tynne blekkstrimlar som blei spikra fast på trestokkar som låg parvis parallelt med køyreretninga. Etter kvart blei blekket erstatta av støypejarn, som i Coalbrookdale eller i kolgruvene i Sheffield etter 1776. Ei føremon med dette systemet var at ein kunne nytte vanlege vogner utan særskilte hjul.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Skjener er laga av valsa stål, og toppen som skal ligge mot hjula blir herda. Skjenene blir til vanleg laga ferdig på fabrikken i lengder på 120 meter. Dersom dei skal ligge i kryss eller krappe kurver blir dei sveisa saman eller bøygd på fabrikken. Skjener for slakere kurver (radius over 300 meter) blir gjerne bøygd på plassen der dei blir lagde. Skjenene blir så sveisa eller klinka saman.

Skjener varer lenge, denne er frå 1886

Kvalitetar[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å klassifisera skjener etter vekt pr. meter. I dag er tre storleiker i bruk på jarnbaneskjener.S 49 med 49 kg/m stål er den minste. S 54 med 54 kg/m er standardskjene og UIC 60 veger 60 kg/m, og blir nytta på strekningar med særskild stor påfreistnad, t.d. høg fart. Nedgrovne rilleskjener for sporvogn er oftast S 41.

Ein føremon med lettare skjener er sjølvsagt lågare pris. Men dei har heller ikkje så lett for å få solslyng av di dei har mindre masse som skal utvida seg når temperaturen stig.

Skjener blir òg klassifisert etter styrken på godset, som blir måla som strekkfastheit i N/mm2. Vanlege tal er 700, 800 og 900.

Ulike skjenetypar i bruk[endre | endre wikiteksten]

Vignolskjene[endre | endre wikiteksten]

Frå venstre til høgre: Vignolskjene, rilleskjene, kranskjene
Profil på Vignolskjene
Spor med rilleskjene under legging

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]