Slørtåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Del av slørtåka
Bilete av Hubble-teleskopet av eit utsnitt av Slørtåka.

Slørtåka (katalogisert NGC 6960) er ein supernovarest som ligg rundt 1500 lysår unna jorda i stjernebiletet Svana.[1] Slørtåka spenner over 3 grader på himmelen sett frå jorda; noko som svarer til rundt seks fullmånar.[1]

Estimat går ut på at supernovaeksplosjonen som skapte Slørtåka skjedde for 5 til 10 000 år sia.[1] Restane frå denne eksplosjonen ekspanderer utover med ein fart på 600 000 kilometer i timen og kolliderer med omgjevnadane. Energien som då blir frigjeve får gass til å gløda, og dette kan sjåast som Slørtåka.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slørtåka

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Uncovering the Veil Nebula» - Hubble-pressemelding vedrørande bilete av tåka teke av teleskopet.