Smørbrød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smørbrød med avokado og tomat i ei hand.
Smørbrød kjøpt på kafeteria i Flåm. Den eine brødskiva er med egg og tomat, den andre med røykelaks. Persille, salat og eggerøre er brukt som garnityr.

Smørbrød er ei brødskive med pålegg oppå. Det er ein matrett som kan vera svært enkel eller meir innvikla med fleire typar pålegg og garnityr. Smørbrød kan vera kvardagskost eller serverast ved meir høgtidelege høve. Enkle smørbrød kan ein eta med hendene, medan dei med mykje oppå krev at ein bruker bestikk.

Alle typar brød som kan skjerast i skiver kan brukast til å laga smørbrød, frå loff til rugbrød. Oppå skiva har ein gjerne smør, margarin eller liknande. Ein kan også leggja eller breia pålegg direkte på skiva.

Se også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Smørbrød

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.