Flåm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flåm
Flåm jarnbarnestasjon og Fretheim hotel sett frå eit cruiseskip ved kai
Flåm jarnbarnestasjon og Fretheim hotel sett frå eit cruiseskip ved kai
Geografi
Kommune Aurland
Fylke Sogn og Fjordane
Annan informasjon
Ferdselsårer E16 Flåmsbana Rallarvegen
Postnummer 5743 FLÅM
Preposisjon i Flåm
Kart
Flåm is located in Sogn og Fjordane
60°51′39″N 7°6′49″EKoordinatar: 60°51′39″N 7°6′49″E

Flåm er ei bygd og eit kyrkjesokn i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Flåm ligg inst i Aurlandsfjorden og er mest kjent for Flåmsbana som går mellom Fretheim, som området nedst ved fjorden eigentleg heiter, og Myrdal. Frå fjordbotn strekkjer Flåmsdalen seg oppover mot høgfjellet. Gjennom dalen renn Flåmselvi. Den eigentlege Flåmsgrenda ligg eit stykke oppe i Flåmsdalen, kring tre kilometer frå fjorden, og her ligg Flåm kyrkje frå 1670.[1]

Frå Flåmsdalen
Flåm kyrkje ligg ved Flåmselvi oppe i Flåmsdalen.
Foto: Jenni Douglas

Flåmsbana er populær mellom turistar og mange kombinerer turen med bana med ein båttur på Nærøyfjorden. Flåm mottok i 2012 200.000 cruisepassasjerar, og Flåm er dermed landets femte største cruisehamn (bak Bergen, Geiranger, Oslo og Stavanger).[2]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Europaveg 16 går gjennom Flåm nede ved fjorden, på vestsida fortset vegen gjennom den fem kilometer lange Flenjatunnelen til Langhuso. Frå Langhuso går Riksveg 601 nord til Undredal, medan E16 fortset vestover gjennom den vel elleve kilometer lange Gudvangatunnelen til Gudvangen inst i Nærøyfjorden. Frå Gudvangen fortset vegen opp Nærøydalen og via Stalheim og Voss til Bergen. Nordaustover frå Flåm går E16 langs Aurlandsfjorden til kommunesenteret Aurlandsvangen og fortset derfrå gjennom den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen til Tønjum i Lærdal kommune, og så via Borgund over Filefjell til Valdres. Frå Aurlandsvangen går Riksveg 50 opp Aurlandsdalen og over fjellet til Hol kommune i Hallingdal.

Det går båtrute mellom Flåm og Gudvangen, på sommaren går det òg båtrute mellom Flåm og Balestrand og Bergen.

Flåm sokn[endre | endre wikiteksten]

Flåm er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Flåm kyrkje frå 1670. Det hadde vore kyrkje på staden føre dagens kyrkje vart bygd, ho er fyrste gong nemnd i kjeldene i 1340. Fram til kring 1670 var det òg ei kyrkje på Fretheim nede ved fjorden. Dette kan i utgangspunktet ha vore eit privat kapell.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flåm