Smie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gardssmie som no står på Eidsvoll bygdetun.
Foto: Harry Wad
Interiør i ei eldre smie, synt fram på museet Freilichtmuseum Neuhausen ob Eck i Baden-Württemberg. Ambolten er å sjå i framgrunnen, plassert på ein stabbe, slik det har vore vanleg her i landet òg. Essa er å sjå til høgre i biletet, under ei samling med tenger og anna reiskap. Ymse maskinar vert drivne av ein einaste motor ved hjelp av flatreimar frå ein sams aksel under taket.
Ein smed i Australia i arbeid framfor essa.

Smie er nemninga for ein verkstad som er spesielt tillaga for grovsmedsarbeid, det vil seie arbeid som har å gjere med tillaging, vedlikehald og reparasjon av gjenstandar av jarn og stål. Smia var ofte ein eigen bygning som låg for seg sjølv på grunn av at verksemda gjorde at det alltid var ein særleg fare for brann. Men smia kunne òg vere eit eige lokale i ein større bygning, slik det ofte var vanleg på fabrikkar, skipsverft og liknande. Mange gardar hadde si eiga smie for å lage hestesko, knivar, ljåar og anna reiskap, gangjarn, verktøy og mykje at det som det elles var bruk for på garden eller i bygda.

Sjølve senteret i smia var den såkalla essa, eldstaden som vart nytta til å varme opp emnet av jarn eller stål til så høg temperatur at det vart glødande og mjukt nok til å kunne formast ved å verte slått på, bøygd eller festa saman med eit anna emne. I essa ligg det brennande trekol som vart blåst på med ein blåsebelg eller ein motorisert vifte for å gje sterk nok varme til at emnet vart glødande og mjukt ved å leggjast i haugen av kol. Når emnet vart tilstrekkeleg glødande, vart det ved hjelp av ein tong lagt på ein ambolt, òg kalla ste, ein blokk av stål (i gamal tid ein stein), og halde fast med smitonga medan det vart forma til ved slag med ein hammar eller anna reiskap. Samansetjing av to jarnstykke til eitt ved såkalla essesveising kunne òg gjerast i smia.

Prosessen med oppvarming og forming av emnet måtte som oftast gjerast i fleire omgangar, då emnet ikkje kunne formast etter at det hadde kjølna for mykje. I industriverksemder hadde ein ofte maskinhamarar til å hjelpe seg med å forme emnet.

Etter at gjenstanden var ferdig tillaga, skulle han herdast ved å varmast opp i essa til høveleg temperatur og avkjølast snøgt i lunka vatn. Fargen på det glødande jarnet når det var ferdig oppvarma i essa, var avgjerande for rett herdig, og dette avhang av kor lengje emnet låg i elden. For at det skulle vere mørkt nok til at fargen kunne vurderast, var smiene som oftast utan vindauge.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Smie