Ambolt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ambolt
Ambolt
Ein smed arbeider med jarn med hammar og ambolt

Ein ambolt (eller eit ste) er ei massiv blokk av stein eller metall. Ambolten vert brukt som støtte når ein arbeider med andre objekt ved hamring eller meisling, som til dømes når ein smir jarn og stål.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Amboltar har vorte brukte sidan tidleg i bronsealderen av alle typar smedar til arbeid med metall, sjølv om verktøyet òg vart brukt endå lenger attende til arbeid med stein og flint.

Det finst mange referansar til amboltar i det antikke Hellas og det antikke Egypt, mellom anna i Homer sine verk. Ambolten vart forbetra i mellomalderen, då arbeid med jarn var svært vanleg.

Amboltar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Fjernsyn og film[endre | endre wikiteksten]

Amboltar med eit horn i den eine enden og ei flat side i den andre, vert ofte brukt i teiknefilmar, der dei ofte fell ned på skurken. Dette er veldig ofte brukt i Warner Bros. sine Looney Tunes- og Merrie Melodies-teiknefilmar, og seinare har andre teiknefilmar og brukt dette, inspirert av desse korte filmane. Mange i dag har kanskje berre sett aboltar som ein rekvisitt i teiknefilmar, og veit ikkje at desse eigentleg vert brukte i arbeid med metall.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Amboltar har òg vorte brukte som slagverksinstrument i fleire populære musikkomposisjonar.

Underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare skaut folk i sør-USA opp amboltar som underhaldning i staden for fyrverkeri.