Snapphanar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snapphanar var det skjellsordet den svenske krigsleiinga på 1600-talet bruka om både landevegsrøvarar, dansksinna skånske bønder og dei skånske styrkane som kjempa på dansk side i dei dansk-svenske krigane i perioden, framfor alt under den skånske krigen 16751679.

Ordet snapphane kjem truleg frå tysk, avleia frå «schnappen», 'røva'. I Tyskland blei ordet brukt om landevegsrøvarar og fredlause.

Det var tre ulike kategoriar. Ein kategori var skåningar (og danskar) som tok verving i eitt av dei friskyttarkompania som blei organisert på ordre av den danske kongemakta. Desse kompania var ridande forband på 100-200 friskyttarar som opererte over store område og først og fremst angreip den svensk arméen sine forsyningslinjer. Altså eit slags geriljasoldatar. Den andre kategorien var heilt vanlege bondeoppbod, der den skånske befolkninga tok til våpen mot svenske styrkar, denne kategorien forekom berre i innleiingsfasen av krigen. Den tredje kategorien var dei eigentlege snapphanane, det vil seie røvarar som strauk omkring i skogstraktene. Deira plyndringar retta seg ikkje berre mot den svenske arméen men òg mot sivilbefolkninga i Skåne, Halland, Småland og Blekinge. Også friskyttarar var nøydde til å skaffe seg forsyningar frå sivilbefolkninga, noko som med tida blei ein stor byrde for bøndene i grenseområda og innebar at skilnaden mellom friskyttarar og snapphanar blei mindre tydeleg etter kvart som krigen heldt fram.

Danske samtidige historikarar skilde mellom friskyttarar og landevegsrøvarar, i motsetning til dei svenske, som ikkje gjorde det på den tida. Alle tilfangetekne motstandarar blei kalla snapphanar av svenskane, og dei blei utsette for den same nådelause behandlinga. Og bønder kunne bli dømde til døden berre for samrøre med mistenkte snapphanar. Avrettingsmetodane mot snapphanar og bønder som samarbeidde med dei var somtid svært pinefulle.

Kjelde: Svensk wikipedia, artikkel med same namnet.