Sobibor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sobibor eller Sobibór var ein nazistisk konsentrasjonsleir under andre verdskrigen. Det var ein utryddingsleir (Vernichtungslager). Sobibor låg i søraust-Polen. Minst 250 000 menneske vart drepne i leiren. I dag er det ein minnestad og eit museum der. Fangane i leiren var mellom anna jødar, sigøynarar (sinti) og sovjetiske krigsfangar. Leiren stod under leiing av tyske SS-menn, men mange av vaktene var ukrainarar i tysk teneste.

Det skjedde eit væpna opprør i Sobibor 14. oktober 1943, og denne leiren er særleg kjend for dette. Omtrent halvparten av dei 600 fangane som deltok klarte å rømme frå leiren den dagen. Etter oppreisten vart leiren stengd.

Dei fleste som deltok i opprøret var sovjetiske krigsfangar av jødisk opphav frå Kviterussland, under leiing av raudearmisten Alexander Petsjerskij (med kallenamn Sasja) og den sivile fangen Leon Feldhendler. Dei drap ti SS-menn og to ukrainske vakter. Mange av fangane døydde straks i kuleregnet frå vaktene eller i minefelta utanfor piggtrådgjerdet, men ca 300 klarte å flykte.

Det vart leita etter dei flykta fangane i omlandet etter flukten, både med soldatar og fly. Mange vart funne og skotne. 47 overlevde til krigen var over, da dei fekk hjelp med sivilfolket og frå partisanar. SS drap sidan alle fangane som var att i leiren. Dei falne SS-mennene vart gravlagde på ein tysk soldatgravplass i nærleiken med full militær ære. Etter leiren var stengd, fjerna SS alle spor etter brotsverka sine.

I 1987 vart det laga ein fjernsynsfilm om opprøret i leiren, på norsk kalla Flukten frå Sobibor.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

Mellom anna den tyskspråklege wikipediaen, artikkel med same namnet.