Solbergfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om fjorden i Noreg. For fjorden i Antarktis, sjå Solbergfjorden i Antarktis.

Solbergfjorden er ein fjord på søraustsida av Senja i Troms. Han ligg i kommunane Tranøy, Dyrøy, Lenvik og Sørreisa. Fjorden strekkjer seg 27 km nordaustover til Tømmervika i Sørreisa.

I vest startar fjorden mellom Tranøya i nord og Dyrøya i sør. I vest grenser fjorden til Tranøyfjorden som går sørover til Vågsfjorden. I aust går Reisfjorden sørover til tettstaden Sørreisa, medan Finnfjorden går nordover til Finnsnes og Gisundet på austsida av Senja.

Av større busetnader langs fjorden finn ein grendene Skatvika og Solberg og bygdene Vangsvika, Rubbestad og Russestad på Senja. På sørsida finn ein grendene Espenes i Dyrøy og Forstrand i Sørreisa på fastlandet.

Av vegar langs fjorden finn ein Fv231 og Fv227 på nordsida og Fv211 og Fv212 på sørsida. Heilt aust i fjorden går Fylkesveg 86.