Finnsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finnsnes
tettstad
Finnsnes sett frå Hurtigruta
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Areal 3,37 km²
Folketal 4 917  (2023)
Folketettleik 1 459 / km²
Postnummer 9300 FINNSNES
Innbyggjarnamn finnsnesværing
Preposisjon Finnsnes
Kart
Finnsnes
69°13′46″N 17°58′52″E / 69.229444444444°N 17.981111111111°E / 69.229444444444; 17.981111111111
Wikimedia Commons: Finnsnes

Finnsnes er ein by og administrasjonssenteret i Senja kommune i Troms. Staden var òg senter i tidlegare Lenvik kommune. Byen ligg på ein odde på fastlandet ut mot Senja, om lag 70 km sørvest for Tromsø, og er knytt til tettstaden Silsand på Senja-sida med den 1147 meter lange Gisundbrua. Frå Finnsnes går fylkesveg 86 søraustover til E 6. Hurtigruta har anløp på Finnsnes, og det er samband med hurtigbåt til Harstad og Tromsø.

Finnsnes er eit viktig inustri-, handels- og kommunikasjonssenter og regionsenter for ytre Midt-Troms. Byen har kjøpesenter, hamn, hotell, idrettsbygg, kulturhus, barne- og ungdomsskole. Kontora til avisa Troms Folkeblad ligg på Finnsnes.

I 2000 vedtok Lenvik kommunestyre bystatus for Finnsnes.

Bildegalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Finnsnes