Solveig Vitanza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solveig Vitanza
Fødd10. juli 1982 (41 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2021–) Sjå dette på Wikidata

Solveig Vitanza, fødd Østby, (fødd 10. juli 1982) er ein norsk politikar frå Halden.

Vitanza er utdanna ved Universitetet i Oslo, og har mellom anna vore tilsett ved Høgskolen i Østfold. Ho var 2019-23 medlem i kommunestyret i Halden. Gjennom stortingsvalet 2021 vart ho vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet og Østfold. Då den valde representanten Jon-Ivar Nygård i oktober 2021 vart statsråd, rykte ho inn på Stortinget og møter fast. Ho er medlem i Næringskomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]