Høgskolen i Østfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgskolen i Østfold
Grunnlagt 1994
Type Statleg høgskole
Rektor Elin Nesje Vestli
Stad Halden, Sarpsborg, Fredrikstad
Studentar 4 000
Tilsette 450
Nettstad www.hiof.no
Høgskolen i Østfold sitt nye studiesenter i Halden.

Høgskolen i Østfold (HiØ) er ein statleg høgskole i Noreg, som vart etablert 1. august 1994. Høgskolen har vel 4000 studentar og 450 tilsette. Den er ein av 22 statlege høgskolar i Noreg og er eit resultat av at fem statlege høgskolar i Halden, Sarpsborg og Fredrikstad vart slått saman som ein del av Høgskolereforma i 1994. Dei fem høgskolane som fusjonerte var Østfold sykepleierskole (etabl. 1955), Halden lærerhøgskole (etabl. 1963), Østfold ingeniørhøgskole (etabl. 1965), Østfold distriktshøgskole (etabl. 1977) og Østfold vernepleierhøgskole (etabl. i 1980).

Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studiar. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter fullførde studiar på HiG.

Høgskolen sine avdelingar:

  • Avdeling for helse- og sosialfag på Kråkerøy i Fredrikstad
  • Avdeling for lærarutdanning på Remmen i Halden
  • Avdeling for ingeniørfag på Kråkerøy i Fredrikstad
  • Avdeling for informasjonsteknologi på Remmen i Halden
  • Avdeling for økonomi, språk og samfunnsfag på Remmen i Halden (Bytta namn frå Avdeling for samfunnsfag og fremmedspråk den 29.1.07)
  • Akademi for scenekunst i Gamlebyen i Fredrikstad

Det er òg etablert samarbeid mellom Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på Ås for å utvikle undervisningstilbodet og moglegheitene for innovasjon.

Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa er òg plassert i høgskolen sine lokale i Halden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]