Sombor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sombor
Rådhuset i Sombor
Rådhuset i Sombor
Plassering
Sombor is located in Serbia
Styresmakter
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Region Vojvodina
Distrikt Vest-Bačka
Borgarmeister Nemanja Delić
Geografi
Flatevidd
 - By

1 178 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik
 - Byområde

97 263
  82,6 /km²
51 471
Koordinatar 45°47′0″N 19°07′0″EKoordinatar: 45°47′0″N 19°07′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 25000
Bilnummer SO
Nettstad: www.so-sombor.com

Sombor (serbisk Сомбор) er ein by og ein kommune i Serbia. Byen har like over 50 000 innbyggjarar (2002), medan kommunen har opp under 100 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Vest-Bačka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1340. Byen høyrte til Kongedømet Ungarn fram til 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Under osmanarane flykta ungarane frå byen og han vart hovudsakleg busett av etniske serbarar.

Sidan 1687 kom byen under Habsburgmonarkiet og var ein del av Militærgrensa. I 1717 vart den første ortodoske grunnskulen opna. Fem år seinare opna òg ein katolsk skule. I 1745 vart Sombor tatt bort frå Militærgrensa og innlemma i Bacsensis fylke. I 1749 fekk Sombor status som «fri kongeleg by». I 1786 vart han sete i Bacsensis fylke.

I 1848/1849 vart Sombor ein del av Serbisk voivodskap, ein serbisk sjølvstyrt region i Det austerrikske keisardømet, og mellom 1849 og 1860 var han ein del av Voivodskapet Serbia og Tamiš Banat, eit eige austerriksk kronland. Etter dette kronlandet vart nedlagd, vart Sombor setet i det nye Bács-Bodrog (Bačka-Bodrog) fylke.

Sidan 1918 vart Sombor ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare kalla Jugoslavia). Mellom 1918 og 1922 låg han i Bačka fylke, mellom 1922 og 1929 i Bačka oblast og mellom 1929 og 1941 i Donau Banovina.

I 1941 vart byen okkupert av aksemaktene og annektert av Ungarn. Okkupasjonen enda i 1944 og Sombor vart ein del av det nye sosialistiske Jugoslavia og sidan 1945 i den sjølvstyrte provinsen Vojvodina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sombor