Sommarpalasset i Chengde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sommarpalasset i Chengde

LandKina
Innskriven ved UNESCOs 18. sesjon i 1994.
Referansenr. 18..
Kriterium:II, IV
Sjå ògVerdsarvstader i Asia-Stillehavet
BakgrunnsstoffSommarpalasset i Chengde ved unesco.org

Sommarpalasset i Chengde (kinesisk skrift 避暑山庄, pinyin Bìshǔ Shānzhuāng, bokstaveleg ‘Fjellvilla for å unngå varmen’, mandsjuisk Halhūn be jailara gurung) er eit stort kompleks av keisarpalass og hagar som ligg i byen Chengde i Hebei-provinsen i Kina, kring 250 kilometer nordaust for hovudstaden Beijing. Anlegget omfattar hagar og bygningar i eit harmonisk landskap av vatn, skog og beitelandskap. Det blei bygd i tida frå 1703 og 1792, under Qing-dynastiet, og viser tilbake til sluttfasen av det kinesiske føydalsamfunnet. Sommarpalasset blei teke med på UNESCO si verdsarvliste i 1994.

Flyfoto over sommarpalasset i Chengde
Pagoden i sommarpalasset i Chengde

Stad og soge[endre | endre wikiteksten]

Palassområdet dekker eit areal på ca. 5,6 kvadratkilometer og er det største keisarlege parkkomplekset i Kina. Fire femdelar av området er berggrunn, resten er sletter og vatn. Heile parkområdet er omkransa av ein ca. 10 kilometer lang steinmur.

Palassområdet kan grovt delast i to, den eine delen der regjeringsapparatet arbeidde og budde, den andre delen til nyting og fest. Som i andre kinesiske parkar vert kvart enkelt byggverk tillagt ei særleg rolle. Såleis har kvart av dei 72 utsynspunkta sitt eige særeigne namn. Mellom byggverka er ein 70 meter høg pagode, ein av dei høgste i Kina.

Det fyrste palasset vart reist i 1703, på ordre frå Qing-keisaren Kangxi. Siste utvidinga vart fullført i 1792. Begge keisarane Kangxi og Qianlong tok mot lokale tenestemenn og offiserar her, gjekk på jakt med dei og heldt piknik saman. Saman med mongolske fyrstar såg ein på hesteløp, bryting eller lytta til mongolsk musikk. Slik pleia ein tilhøvet mellom den kinesiske sentralmakta og mongolske, kasakhiske, uighurske og khalkhasiske stammeleiarar. Utlendingar vart berre unntaksvis invitert.

Sommarpalasset i Chengde er sidan 1961 på lista over Folkerepublikken Kina sine monumentminne, og frå 1994 på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sommarpalasset i Chengde