Song Shan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Song Shan (kinesisk: 嵩山; pinyin: Sōngshān) er ei fjellkjede i Dengfeng i provinsen Henan. Fjellkjeda, som er 60 km lang og strekker seg parallellt med Huang He på sørsida av elva, er det midterste av Kinas fem mektige fjell, eit uttrykk for ei oppfatning som har røter tilbake til taoismen. Høgste toppane når opp i vel 1 500 meter over havet.
I Song Shan finst mange kulturelt viktige tempel og andre anlegg. Det mest kjende temepelet er Shaolintempelet, der munkane har utvikla og framleis praktiserer gamle kinesiske kampsportar som qigong, qinggong og andre former for kung fu. Her finn ein også dei to eldste bevarte astronomiske obeservatoria i Kina, samt over 2 000 steleinskripsjonar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Song Shan» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2013.