Song for Guy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Song for Guy
Singel av Elton John
frå albumet A Single Man
B-side «Lovesick»
Utgjeve 28. november 1978 (UK)
Mars 1979 (U.S.)
Sjanger Easy listening
Lengd 5:02 (singel)
6:34 (album)
Selskap MCA (US/Canada)
Rocket Records
Låtskrivar(ar) Elton John
Elton John-kronologi
«Part-Time Love»
(1978)
Song for Guy «Are You Ready for Love»
(1979)

«Song for Guy» er eit nesten instrumentalt musikkstykke av Elton John. Det er den siste songen på albumet hans A Single Man frå 1978.

Elton John sa sjølv dette om singel i plateomslaget:

«...Eg skreiv denne songen ein sundag, og såg for meg meg sjølv flyte ut i rommet og sjå ned på min eigen kropp. Eg førestilte meg sjølv døy. Med desse tankane i meg skreiv eg denne songen om døden. Dagen etter fekk eg vite at Guy (Burchett), vår 17 år gamle bodbringar, hadde omkomme i ei motorsykkelulukke dagen før. Guy døydde den dagen eg skreiv denne songen.»[1]

Songen er bygd opp av piano, ein trommemaskin og synthesizerar. Mot slutten av songen syng Elton John «Life, isn't everything» fleire gonger.

Singelen nådde fjerdeplassen i Storbritannia. Han vart ikkje gjeven ut i USA før mars 1979 og nådde då berre 110. plass.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard. 24 februar 1979.