Songen Goodbye Yellow Brick Road
| Goodbye Yellow Brick Road Singel av Elton John frå albumet Goodbye Yellow Brick Road |
||
| B-side | «Screw You» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 15. oktober 1973 | |
| Innspelt | Chateau d'Hierouville | |
| Sjanger | Poprock, glamrock, softrock | |
| Lengd | 3:11 | |
| Selskap | MCA (US/Canada) DJM Records |
|
| Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
| Produsent | Gus Dudgeon | |
| Elton John-kronologi | ||
| «Saturday Night's Alright for Fighting» (1973) |
Goodbye Yellow Brick Road | «Step into Christmas» (1973) |
«Goodbye Yellow Brick Road» er ein ballade av musikaren Elton John. Songen vart skriven av John med tekst av Bernie Taupin for albumet Goodbye Yellow Brick Road i 1973. Den musikalske stilen og produksjonen heller kraftig mot softrockstilen i 1970-åra. Songen fekk god kritikk og somme kritikarar har kalla han den beste songen hans.[1]
Songen kom ut i 1973 som den andre singelen frå albuet og gjekk inn på Topp 10 i både Storbritannia og USA. Det var ein av dei største hittane til Elton John og selde betre enn den førre singelen. I USA selde han til gullplate i 1974 og til platina i 1995.
«The Yellow Brick Road» er eit bilete henta frå filmen The Wizard of Oz frå 1939.
I 2010 rangert Rolling Stone songen som den 380. beste gjennom tidene.[2]
Listeplasseringar[endre]
| Liste (1973) | Plassering |
|---|---|
| Canada | 1 |
| U.S. Billboard Hot 100 | 2 |
| U.S. Billboard Adult Contemporary | 7 |
| Irland | 4 |
| Storbritannia | 6 |
| Noreg | 9 |
Andre versjonar[endre]
Andre artistar som har spelt inn songen er Keane (med Faultline), Dream Theater og Sarah Blasko.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Goodbye Yellow Brick Road (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- "BBC: The Official UK Charts Company".
- "Billboard". Billboard Hot 100 airplay and sales charts.
- ↑ Mason, Stewart. "Goodbye Yellow Brick Road". Allmusic. Henta 20. nov. 2011.
- ↑ http://www.metrolyrics.com/rs/4
| 381: «Tell It Like It Is » Aaron Neville |
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 380 Elton John – «Goodbye Yellow Brick Road» |
379: «Radio Free Europe » R.E.M. |