Softrock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Softrock
Stilmessig opphav: Rock and roll
Hardrock
Poprock
Pop
Jazz
Kulturelt opphav: 1970-åra
Typiske instrument: Elektrisk gitar, bassgitar, akustisk gitar, 12-strengsgitar, trommer, piano, synthesizer, saksofon
Populær periode: Særleg slutten av 1970-åra

Softrock (stundom òg kalla light rock eller easy rock) er ein musikksjanger der ein nyttar teknikkar frå rock and roll til å lage mjukare og meir lyttarvennleg musikk[1], ofte for arbeid eller bilkøyring. Softrock vert ofte sunge i høgare tonehøgd enn rock og tekstane fokuserer ofte på generelle tema som kjærleik, kvardagsliv og forhold. Det vert ofte nytta mykje piano, synthesizer og stundom saksofon i sjangern. Enkelte gonger vert det nytta elektrisk, akustisk eller 12-strengsgitar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Softrock oppstod som ein musikksjanger tidleg i 1970-åra, både som ein reaksjon på at det hadde oppstått tyngre musikk (hardrock og heavy metal) som dominerte rock på denne tida[1], samt ei avspegling av endringar hos den oppveksande generasjonen tidleg på 70-talet. Det som skil softrock på 1970-talet frå liknande musikk på 1960-talet, som i mangel på eit betre uttrykk berre vart kalla «pop», vart at popmusikken på 1960-talet eksisterte for dei som rett og slett ikkje likte rock. I 1960-åra var popartistar ofte vokalistar frå tida før rocken på 1960-talet oppstod. Softrock utvikla seg derimot ut frå rock og kan reknast som ein rockesjanger.

Softrock vart særs populær seinare på tiåret. I 1977 spelte enkelte radiostasjonar berre softrock.[1] Rundt denne tida hadde bandet Chicago, som tidlegare hadde vore eit jazz-rock-band, byrja å spele softrock og fekk stor kommersiell suksess. Det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac oppnådde størst suksess etter at dei tilpassa seg denne sjangeren. Albumet deira Rumours er eit av dei bestseljande platene gjennom tidene. Sjølv Led Zeppelin, som av enkelte vert rekna for å vere sjølve faneberarane for hardrock, var innom sjangeren med songar som «All My Love» frå 1979. Andre populære band innan softrock var the Carpenters og Bread.

I 1980-åra hadde musikksmaken endra seg og radioformata tilpassa seg dette. Denne sjangeren utvikla seg etter kvart til det som vart kalla «adult contemporary»[1], ein popsjanger som viser mindre spor av rock enn softrock gjorde.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]