Songen Mandy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Mandy», opphavleg kalla «Brandy», er ein song skriven og komponert av Scott English og Richard Kerr.[1]

«Brandy» vart ein hitt i 1971 for Scott English i Storbritannia og i 1972 for Bunny Walters i New Zealand, men han fekk større suksess då han vart spelt inn i 1974 av Barry Manilow i USA med tittelen «Mandy» for å unngå forveksling med Looking Glass sin «Brandy (You're a Fine Girl)». Versjonen hans nådde toppen av US Hot 100 Singles-lista. Seinare vart han spelt inn av mange andre artistar, som det irske gutebandet Westlife som nådde toppen av singellista i Storbritannia med sin versjon i 2003.

Scott English-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Brandy
Singel av Scott English
B-side «Lead Me Back»
Utgjeve 1971
Innspelt 1971
Sjanger Pop
Selskap Trojan/Horse/Fontana (UK)
Janus (U.S.)
Låtskrivar(ar) Scott English
Richard Kerr

Med tittelen Brandy, den originale tittelen, gjekk denne songen inn på salslista i 1971 for Scott English, ein av dei to låtskrivarane, då han nådde 12. plass på UK Singles Charts. Han vart òg gjeve ut i USA, men gjorde det ikkje så bra der.

At Scott English skal ha skrive songen om hunden sin er visstnok ei vandresoge. English skal ha sagt det til ein journalist som ringte han tidleg ein morgon for å spørre kven «Brandy» var og English svarte irritert at det var hunden hans.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
UK Singles Chart 12
US Billboard Singles Chart 91

Bunny Walters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Brandy
Singel av Bunny Walters
Utgjeve 1972
Innspelt 1972
Sjanger Pop
Låtskrivar(ar) Scott English
Richard Kerr

I 1972 spelte Bunny Walters inn «Brandy» og fekk ein hit med denne på New Zealand.[3] Med på korvokal var The Yandall Sisters. Han gav seinare ut songen på albumet Very Best of Bunny Walters[4]

Liste (1972) Plassering
New Zealand Singles Chart 4

Barry Manilow-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Mandy
Singel av Barry Manilow
frå albumet Barry Manilow II
B-side «Something's Comin' Up»
Utgjeve 1974
Innspelt 1974
Sjanger Pop
Lengd 3:20 (singel)
Selskap Bell
Låtskrivar(ar) Scott English
Richard Kerr
Barry Manilow-kronologi
«Could It Be Magic»
(1973)
Mandy «It's a Miracle»
(1975)

I 1974 spelte Barry Manilow inn songen med tittelen «Mandy» og songen vart den første singelen til Manilow som nådde toppen av Billboard Hot 100 og Easy Listening-lista, i tillegg til den første singelen hans som selde til gullplate.

I dei tre åra mellom English si innspeling i 1971 og Manilow si innspeling hadde Looking Glass hatt songen «Brandy (You're a Fine Girl)» inne på listene i 1972. For å unngå forveksling valte Manilow derfo rå endre tittelen, etter forslag frå Clive Davis. Joe Renzetti arrangerte plata.[5] Manilow spelte opphavleg songen som ein livleg tyggegummipoplåt, som minna om originalen til English, men han og produserten Ron Dante var misnøgde med resultatet og spelte han derfor inn på ny som ein ballade og var langt meir nøgd.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Canada 1
Tyskland 19
Irland 6
New Zealand 30
UK Singles Chart 11
US Hot 100 Singles Chart 1

Westlife-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Mandy
Singel av Westlife
frå albumet Turnaround
Utgjeve 17. november 2003
Innspelt Rokstone Studios i London
Olympic Studios i London 2003
Sjanger Pop
Lengd 3:19
Selskap BMG
Produsent Steve Mac
Westlife-kronologi
«Hey Whatever»
(2003)
Mandy «Obvious»
(2004)

«Mandy» vart spelt inn av Westlife i 2003 og gjeven ut som den andre singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Turnaround. Singelen gjekk til topps på UK Singles Chart og vart den 12. nummer-ein-singelen deira i Storbritannia. Singelen selde 190 000 kopiar i landet.[6]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2003) Plassering
Austerrike 16
Belgian (Flandern) 50
Belgia (Ultratip Vallonia)[7] 3
Danmark 2
Nederland 27
European Hot 100 Singles[8] 3
Tyskland 14
Irland 1
Noreg 15
Sverige 4
Sveits 30
UK Singles Chart 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Andy Williams (1975), Johnny Mathis (1975), Kai Hyttinen (1975, på finsk som «Leena»), Claude François, Karel Gott (1977, på tsjekkisk som «Jsou svátky»), Richard Clayderman (1994), Me First and the Gimme Gimmes (1997), Box Car Racer (2002), Helmut Lotti (2003), Westlife (2003), Bradley Joseph (2005) og Donny Osmond (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]