Clive Davis
| Clive Davis | |
Clive Davis, 13. november 2007, New York City |
|
| Fødd | 4. april 1932 (81 år), Brooklyn i New York |
| Yrke | Platedirektør, plateprodusent |
Clive Davis (fødd 4. april 1932) er ein amerikansk plateprodusent og platedirektør. Han har vunne mange Grammyprisar og er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Frå 1967 til 1972 var han administrerande direktør i Columbia Records, og han grunnla og var direktør for Arista Records seint i 1970-åra og fram til 2000, då han skipa J Records. Frå 2003 fram til april 2008 var Davis styreleiar og administrerande direktør i RCA Music Group (som omfatta RCA Records, J Records og Arista Records), styrleiar og administrerande direktør i J Records og BMG North America. I dag er Davis leiar for den kreative avdelinga til Sony Music Entertainment Worldwide.[1] Han spelar i dag ei aktiv rolle i karrierane til Alicia Keys, Kelly Clarkson, Harry Connick Jr., Leona Lewis, Barry Manilow og Whitney Houston.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Clive Davis» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: