Barry Manilow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barry Manilow
BarryManilow.jpg
Barry Manilow i 2008.
Verkeleg namn Barry Alan Pincus
Fødd 17. juni 1943 (71 år), Brooklyn i New York City
Instrument Vokalist, klaverinstrument, trekkspel
Stemmetype Baryton
Sjanger Pop, softrock
Aktive år 1973 - i dag
Nettstad www.manilow.com

Barry Manilow (fødd 17. juni 1943 som Barry Alan Pincus)[1] er ein amerikansk songar, komponist og produsent mest kjent for låtane «I Write the Songs», «Weekend in New England», «Mandy» og «Copacabana». Han spelar òg klaverinstrument og trekkspel.

I 1978 var fem av albuma hans på salslista samstundes. Denne rekorden har berre blitt tangert av Herb Alpert, Frank Sinatra, Michael Jackson, Bruce Springsteen og Johnny Mathis. Mellom 1974 og 1983 hadde Manilow tre singlar på toppen av Billboard-lista i USA og 25 singlar som nådde Topp 40. I 1988 skal Bob Dylan ha stoppa Barry Manilow på ein fest og sagt «Don't stop what you're doing, man. We're all inspired by you.»[2] (Ikkje stopp med det du driv med. Du er ein inspirasjon for oss alle.)

Han har òg produsert og arrangert songar og plater for andre artistar, som Bette Midler, Dionne Warwick og Rosemary Clooney, i tillegg til at han har skrive songar for film, musikalar og reklamar. Frå februar 2005 til 30. desember 2009 spelte han fast på Las Vegas Hilton, og spelte fleire hundre show før han gav seg ved hotellet. Sidan mars 2010 har han halde show ved Paris hotel i Las Vegas. Han har selt meir enn 80 millionar plater verda over.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi på Music Artists Biography
  2. Patricia Butler, Barry Manilow, Omnibus Press, 2002. side 223.
  3. «Barry Manilow | VEGAS.com». Shop.vegas.com. http://shop.vegas.com/shows/showtimes2.jsp?show=705#show_review. Henta 18. august 2013.