Sosialistpartiet i Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sosialistpartiet (på nederlandsk Socialistische Partij, SP) er eit sosialistisk parti i Nederland. Det blei danna i 1972 som eit maoistisk parti, men forlet i 1991 formelt «marxismen-leninismen» som grunnlag, etter i praksis å ha gått bort frå desse dogmene lenge før. I 1994 fekk partiet sine første parlamentsmedlemmer, og i 1999 fekk det valt sin første medlem i EU-parlamentet, der det no har to. Der høyrer til dei venstregruppa GUE-NGL, Det sameinte europeiske venstre-Nordiske grøne venstre. Etter parlamentsvalet i 2010 er det det femte største partiet i Nederland, med 15 representantar i det nederlandske parlamentet. Leiar er Jan Marijnissen.

Oppslutning ved parlamentsval 1994-2010[endre | endre wikiteksten]

Årstal Mandat Røyster
2010 15 9,8 %
2006 25 16,6 %
2003 9 6,3 %
2002 9 5,9 %
1998 5 3,5 %
1994 2 1,3 %

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]