Spessart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landskap i Spessart

Spessart er ei rekkje åsar nordvest i Bayern og sør i Hessen i Tyskland. Elva Main tar ein lang sving rundt Spessart og renn langs tre av sidene på fjellkjeda. To store byar ligg ved foten av Spessart, Aschaffenburg og Würzburg.

Sjølv om Speessart om lag er sirkelforma strekk hovudryggen seg frå sørvest til nordaust. Ho held fram som Odenwald i sørvert og som Rhön i nordaust.

Den høgaste toppen er Geiersberg (586 m). Bortsett frå ved foten av fjellkjeda er området tynt folkesett. To naturparkar kalla Bayerische Spessart og Hessische Spessart utgjer store delar av åsane.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]