Würzburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Würzburg
Würzburg-Blick-von-Festung.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Würzburg
Würzburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Unterfranken
Kreisfri by
Først nemnd i 704
Geografi
Flatevidd
 - By

87,63 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

131 320
  1 499/km²
Koordinatar 49°47′0″N 9°56′0″EKoordinatar: 49°47′0″N 9°56′0″E
Høgd over havet 177 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 97018–97084
Telefon-retningsnummer 0931
Bilnummer
Heimeside: www.wuerzburg.de

Würzburg er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 130 000 innbyggjarar. Han ligg i regionen Unterfranken ved elva Main.

Würzburg ligg om lag 80 minuttar med tog frå Frankfurt, og nesten ein time frå Nürnberg. Via motorveg er dei næraste byane Frankfurt 115 km, Nürnberg 115 km, Stuttgart 150 km og Kassel 215 km.

Byen er ikkje ein del av landkreisen Würzburg, men er det administrativet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Om lag år 1000 f.kr. stod det ei keltisk festning her. Staden vart kristna i 686 av den irske misjonæren Kilian, og byen vart først nemnd som Vurteburch i 704. Det første bispedømet vart grunnlagd av St. Bonifatius i 742. Han peikte ut den første biskopen av Würzburg, St. Burkhard. Biskopane oppretta etter kvart eit hertugdømet med senter i byen, som på 1100-talet strekte seg til Aust-Franken. Byen var sete for fleire Reichtagar i Det tysk-romerske riket, inkludert ein i 1180 der Henrik Løve vart bannlyst frå riket og hertugdømet hans vart gjeve til Otto av Wittelsbach.

Den første kyrkja der domkyrkja i dag står vart bygd så tidleg som i 788 og konsekrert same år av Karl den store. Den noverande bygningen vart bygd frå 1040 til 1225 i romansk stil. Universitet i Würzburg vart grunnlagd i 1402 og på ny i 1582.

Innbyggjarane i byen gjorde fleire gongar opprør mot fyrstbiskopen før dei ein gong for alle vart slått ned i 1400. Seinare var Würzburg sentrum for den tyske bondekrigen der slottet vart omleira utan hell. Av kjende fyrstbiskopar finn ein Julius Echter von Mespelbrunn (1573-1617) og medlemmar av familien Schönborn, som bestilte mange av monumenta som i dag står rundt i byen. I 1631 invaderte den svenske kongen Gustav Adolf byen og øydela slottet.

I 1720 vart fundamentet til Würzburger Residenz lagt. Byen vart ein del av Bayern i 1803, men to år seinare, under napoleonskrigane vart han sete i det kortvarige hertugdømet Würzburg. Würzburg gjekk tilbake til i 1814 og eit nytt bispedøme vart oppretta sju år seinare, sidan det førre hadde vorte sekularisert i 1802.

Under den andre verdskrigen låg det ein underavdeling av Flossenburg konsentrasjonsleir i byen. [1] 16. mars 1945 vart 90 % av byen lagt i ruinar av britisk bombetokt. Dei fleste kunstneriske høgdepunkta overlevde, medan det barokke bysentrumet vart kraftig råka. Dei neste 20 åra vart dei historisk viktige bygningane nøye rekonstruert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Würzburg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christine O'Keefe.Concentration Camps. www.tartanplace.com/tartanhistory/concentrationcamps.html