Språk i Eritrea
Eritrea har ni etniske grupper. Kvar av desse har sitt eige språk: Afar, arabisk (som blir snakka av rashaida-folket), bejae (blir snakka av hedareb-folket), bilen, kunama, nara, saho, tigré og tigrinja.
Dei offisielle språka i Eritrea er tigrinja og arabisk. Engelsk og italiensk vert forståtte av einskilde segment av folkesetnaden og òg talast spesielt av personar busett i hovudstaden Asmara. Tigrinja og arabisk var dei offisielle språka mellom 1952 og 1956, og dei held fram med å vere dei viktigaste språka, tigrinja blant kristne og arabisk blant muslimane. EPLF publiserte ein stor engelsk-tigrinja-arabisk ordbok i 1985, deretter kom det ei tigrinja-engelsk i 1986.
Som ein del av eit gradvis opphøyr av eritreisk autonomi og eit strengare etiopiske styre i åra etter 1947 vart amharisk det offisielle språket i 1956. I dag blir amharisk hovudsakleg snakka av menneske av eritreisk opphav som vart tvinga frå heimane sine i Etiopia.
Eritreiske styresmakter har vedteke ein politikk som gjer at grunnskuleundervising bør vere tilgjengeleg på eleven sitt morsmål. Dei fleste muslimar vel arabisk som opplæringsspråk.
Språk[endre | endre wikiteksten]
Dei nilotiske språka tilhøyrer den nilo-saharariske språkfamilien, medan dei kusjittiske og semittiske språka tilhøyrer den den afro-asiatiske språkfamilien.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Språk i Eritrea» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2012.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- Woldemikael, Tekle M (2003), «Language, Education, and Public Policy in Eritrea», African Studies Review (African Studies Review, Vol. 46, No. 1) 46 (1): 117, JSTOR 1514983, doi:10.2307/1514983, arkivert frå originalen 15. september 2010, henta 27. januar 2007