Tigrinja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tigrinja
(ትግርኛ tigriññā)
Klassifisering: Afroasiatisk
 Semittisk
  Sørsemittisk
   Etiopisk
    Nordetiopisk
     Tigrinja
Bruk
Tala i: Flag of Eritrea.svg Eritrea
Flag of Ethiopia.svg Etiopia
Tigrinjatalande i alt: 4 450 000[1]
Språkkodar
ISO 639-1: ti
ISO 639-2: tir
ISO 639-3: tir
Wikipedia på tigrinja

Tigrinja er eit semittisk språk som blir snakka av rundt 4,5 millionar menneske i Eritrea og Etiopia. Det er offisielt språk i Eritrea og i Tigray-regionen i Etiopia. Språket er også brukt av folk som har utvandra frå desse stadene, mellom anna av ein del etiopiske jødar i Israel.

Tigrinja og det nærskylde språket tigré stammar frå det gammaletiopiske språket geez. Dette språket, som framleis blir brukt som kyrkjespråk i den etiopiske kyrkja, var lenge skriftspråket i Etiopia. Tigrinja blir i dag skrive med geez-skrift, og har mange lånord frå geez. Det eldste skriftlege tigrinjamaterialet ein kjenner stammar frå 1200-talet, og var ein lovtekst som blei funnen i Logosarda i Debub-regionen av Eritrea.[2]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Tigrinja har eit nokså typisk fonemsystem for etiopiske semittiske språk. Det har det vanlege settet på sju vokalar og eit sett ejektivar blant konsonantane. Språket skil seg frå mange av dei nærskylde språka, som amharisk, gjennom at det har bevart faryngalar (lydar uttalt med tunga mot svelget) frå geez. Også tigré har desse lydane.

Språket skil mellom lange og korte konsonantar. Konsonantklynger med tre konsonantar, eller ein konsonant og ein lang konsonant, blir brotne opp av ein svarabhaktivokal, ə. Der to konsonantar eller ein lang konsonant ville ha avslutta eit ord, blir vokalen i sett inn.

Tabellane under bruker ei vanleg framstilling av tigrinjalydar blant språkforskarar, med IPA-symbol i hakeparentesar der desse er ulike.

Konsonantar
Bilabialar/
labiodentalar
Dentalar Palato-alveolarar/
palatalar
Velarar Faryngalar Glottalar
Enkel Lab.
Nasalar m n ñ [ɲ]
Plosivar Ustemde p t č [tʃ] k kw [kʷ] [ʔ]
Stemde b d ǧ [dʒ] g [ɡ] gw [ɡʷ]
Ejektivar p' [pʼ] t' [tʼ] č' [tʃʼ] k' [kʼ] kw' [kʷʼ]
Frikativar Ustemde f s š [ʃ] (x) (xw) [xʷ] [ħ] h
Stemde (v) z ž [ʒ] [ʕ]
Ejektiv s' [sʼ] (x') [xʼ] (xw') [xʷʼ]
Approksimantar l y [j] w
Rotiske r


Vokalar
Fremre Sentral Bakre
Trong i ə [ɨ] u
Midtre e ä [ɐ] o
Open a

Ordbøker og grammatikkar[endre | endre wikiteksten]

Det er utarbeidd fleire ordlister mellom norsk og tigrinja. Norsk-tigrinja ordbok av Yacob Gebretensae Tsegay kom ut i 2008 på Sypress forlag, med ny utgåve i 2011. Boka er ei ordbok som også gjev innføringar i både norsk og tigrinja.[3] Norsk-tigrinsk illustrert ordbok blei gjeve ut av Utdanningsdirektoratet i 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Semittiske språk
Austsemittisk: akkadisk
Nordvestsemittisk: ugarittisk · hebraisk · arameisk · arabisk · maltesisk
Sørsemittisk: geez · amharisk · tigrinja · tigré · gurage · harari