Sputnik-programmet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sputnik (Спутник (reisefylje)) var namnet på dei 10 fyrste sovtetiske romfarkostane.

Sputnik 1[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 1 (Спутник-1), som vart skoten opp den 4 oktober 1957, var den fyrste kunstige lekamen som gjekk om jordkloten. Oppgåva til Sputnik 1 var å syna at det var mogeleg å plassera ein kunstig lekam i jordbane. Sputnik 1 senna ut eit radiosignal som var fanga opp rundt heile kloden. Sputnik 1 synte at sovjetisk romindustri på denne tida var den som var lengst framme, noko som midt under den kalde krigen førte til uro i USA.

Sputnik 2[endre | endre wikiteksten]

Modell av Sputnik 2 på Det Russiske Polytekniske Museet

Sputnik 2 (Спутник-2), som vart skoten opp den 3. november var den fyrste romfarkosten som hadde med ein passasjer. Passasjeren var ein hund som heite Лайка (Lajka).

Sputnik 3[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 3 (Спутник-3) vart skoten opp frå Baikonur cosmodrome den 15 mai 1958. Bereraketten var ein modifisert R-7/SS-6 ICBM. SPutnik 3 var ein forskingssputnik som mellom anna skulle samla data om den øvre atmosfæren, men på grunn av ein feil med bandopptakaren som vart nytta for å lagra data klart ikkje sputnikken å utføra oppgåva si.

Sputnik 4[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 4 (Спутник-4), som vart skoten opp den 15. mai 1960, var ein prototype som skulle prøva ut teknologien for å senna folk ut i verdsrommet.

Sputnik 5[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 5 (Спутник-5), som vart skoten opp den 19. august 1960, hadde òg med to hundar, Strelka og Belka.

Sputnik 6[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 6 (Спутник-6), som vart skoten opp den 1. desember 1960, hadde òg med to hundar, Pchelka og Mushka.

Sputnik 7[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 8[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 9[endre | endre wikiteksten]

Sputnik 10[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.