Spypose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spypose i setelomme på eit fly.

Ein spypose er ein pose til å spy i ved reisesjuke. Han er ofte laga av papir og plast. Som oftast finn ein spyposar i lomma på eit flysete, men ein kan òg ha dei på båtar, i bussar og bilar.

Spyposen opptrer i ein sketsj med Mister Bean, ein komisk rollefigur som skodespelaren og komikaren Rowan Atkinson har gjeve liv til. Her klaskar Mister Bean til ein spypose slik at alt gørret fér ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Spypose